Heim Nyhende Etterlyser tiltak

Etterlyser tiltak

Forum for nynorsk i opplæringa reagerer no sterkt på at Kunnskapsdepartementet går inn for å gi studentar med dysleksi fritak frå vurdering i ei av målformene i lærarutdanninga.

 

Forumet ha difor sendt eit brev til statsrådane Tora Aasland og Kristin Halvorsen. I brevet vert det lagt vekt på at ein ynskjer departementet no vil formulere rammer for korleis høgskular som gir lærarutdanning bør handsame søknadar om slikt fritak.

– Det overordna perspektivet må vere skulen og elevane sitt behov for kompetente lærarar. Dette må innebere at alle søknadar må vurderast individuelt og bli vurderte opp mot det som er gjeldande krav til meistring av norsk skriftleg i rammeplanen. Vurderinga må også ta stilling til om studenten vil vere kvalifisert som lærar viss han ikkje kan innfri dei grunnleggjande språklege krava som normalt blir stilte til ein lærar, heiter det i brevet.

Forumet ber også om at departementet no skaffar seg oversikt over korleis kravet om kompetanse i norsk skriftleg, både nynorsk og bokmål, blir følgt opp ved dei enkelte høgskulane. Og at departementet set i verk tiltak dersom resultata ikkje er tilfredstillande.

– Lærarar som tar utdanning i Noreg, skal kunne undervise i heile landet, og dei skal kunne undervise både elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med bokmål som hovudmål, slår medlemmene i forumet fast.

Det er Eilov Runnestø frå Språkrådet, Gro Morken frå Noregs Mållag, Audun Heskestad frå Samlaget, Jan Magne Dahle frå LNK, Ottar Grepstad frå Nynorsk Kultursentrum og Anne Steinsvik Nordal frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa som har skrive under på brevet.

Les også: Reagerer på fritak

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...