Heim Nyhende Få språkendringar i kommunane

Få språkendringar i kommunane

− For den erfarne nynorskskribenten rundt i kommunane er det lite å endre på etter at den nye nynorsknorma vart innført, seier førsteamanuensis Jan Olav Fretland.

Fretland skriv no saman med Aud Søyland lærebok for lærarar om den nye nynorsken. Han minner om at normendringane først og fremst får konsekvensar for dei som skriv former i den eine eller andre ytterkanten av norma. Soli og husi og fær og jentone blir borte, i den andre enden forsvinn til dømes kjøre og drømme og bare og mye.

− Men dette er ikkje former som er utbreidde i kommunespråket rundt om, seier Fretland og legg vekt på at han sjølv no må endre to punkt: han må skrive framand og ikkje fremmend, og så må han no passe på å få med ein n i ord som framanfor, utanfor, austanfor og liknande.

Viktig endring Likevel meiner Fretland at normendringa er viktig.

− Norma er vorten enklare å bruke for den usikre brukaren, og på eit par vanskelege punkt er det i praksis valfridom. Det gjeld til dømes i val mellom y og ø , slik som til dømes fyrst/ først, tyrst/tørst, syster/søster og i valet mellom former med eller utan j, som til dømes bølg(j)e, tenk(j)e, sette/setje, trykk(j)e. Du kan valfritt bøya mest alle hankjønnsord med -ar/ -ane og hokjønnsord med -er/-ene, til dømes gjestar, medlemmar, gongar og myrer og elver. Fretland minner elles om eit par små endringar som kan vere til hjelp: Det er slutt på -stelling- endinga. No heiter det berre jamstilling og førestilling, slik folk flest seier. – Sameleis kan du no skipe til Noregsmeisterskapet og skriva om forfattarskapet, der før alt måtte ende på -en. Og du kan skriva at Møtet vart leia av, ikkje bere leidd av, slik det var før, fortel han. Men samla sett er det ein god del endringar som det kan vere viktige å ha oversikt over. Særleg den som skal lesa andre sitt stoff eller vere rådgjevar, treng oppdatering.

Oppdaterer kurs Fretland opplyser at det snart kjem ny versjon av Hellevik si ordliste, og at Språkrådet har god informasjon om endringane og den nye norma på Sprakradet.no. Høgskulen i Sogn og Fjordane har elles hatt eit eige kurs for nynorsklærarane til LNK, slik at kommunar som no bestiller På saklista- kurset, får full oversikt over nynorsken etter 2012. − Det kan kanskje vere ein ekstra grunn til å bestille kurset, slår Fretland fast.


Du kan finne meir informasjon om den nye nynorsknorma på Sprakradet.no. Les også meir om På saklista-kurset på Lnk.no

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...