Heim Nyhende Facebook fremjar dialektbruk

Facebook fremjar dialektbruk

I ei undersøking gjort under Forskingsdagene i 2008 fortalde 60 prosent av dei spurte at dei bruker dialekten si på Facebook.

– Dialekt blir ein viktig kommunikasjonsreiskap i interaksjonen med andre, seier Berit Skog, førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU i Trondheim. Skog har jobba i mange år med sosiale medium, spel og IKT, og det er ho som står bak denne undersøkinga.

Det er dei yngste gruppene som brukar dialekten sin mest på Facebook. Medan 80 prosent av dei på 15 år skriv dialekt, er det berre 25 prosent av dei over 30 år som seier at dei gjer det.

Del av eit bilete

– Facebook handlar om å knyte kontaktar, skaffe seg venner og å kommunisere. Det handlar òg i stor grad om å syne seg fram og lage seg ein profil. Folk bruker dialekten sin, i kombinasjon med bilete, interesser og preferansar, som eit verkemiddel for å syne kven dei er, forklarar Skog.

I undersøkinga hennar svara heile 70 prosent at dei snakkar norsk på Facebook, medan 45 prosent snakkar engelsk heilt eller delvis. Dei fleste varierer altså språkbruken og snakkar meir formelt nynorsk eller bokmål til meir perifere forbindelsar. Dialekten blir brukt til dei nære forbindelsane og i dei uhøgtidelege samanhengane.

Også Twitter

Desse funna meiner Skog heng saman med utviklingstrekk elles i samfunnet.

– Det er generelt akseptabelt å bruke dialekt i media, som i TV og radio, og dette gjeld også i skriftlig, sosial kommunikasjon.

Dialekt har lenge vore ein stor del av sms-språket, og i tillegg til Facebook har også Twitter blitt ein naturleg arena for dialekt.

– Det eit personleg preg på ei kjapp og kort melding, som jo er typisk for Twitter, forklarar Berit Skog.

Trønder, bokmål og engelsk

På Facebook treff vi nokre brukarar som er med på å underbyggje dei funna Skog har gjort. Caroline Sørensen Skaget (16) er frå Trondheim og kan fortelje at ho for det meste bruker trønderdialekten sin når ho kommuniserer med andre på Facebook og via sms.

Ho synest i utgangspunktet ikkje det er noko skilje mellom kva tid det høver seg å bruke dialekt, eller ikkje. Samstundes vedgår ho at det er lettare å bruke reint bokmål når ho sender meldingar til folk ho ikkje kjenner.

– Æ bruke bokmål te en svensk kompis æ har, å engelsk te stemora mi, fortel ho til oss på Facebook.

– Er du stolt av dialekten din?

– Både ja og nei, mene østlandsk e my bedre da, føle man blir tatt litt mer særiøst da, skriv Caroline Sørensen Skaget.

Stolt av vågådialekt

Ein annan brukar vi kjem i kontakt med, er Åse-Kari Kobbersletten. Ho er 39 år og er såleis i den aldersgruppa som brukar dialekten sin mindre, ifølgje undersøkinga frå Forskningsdagene.

– Eg opplever Facebook som ein privat setting og finn det heilt naturleg å skrive dialekt, seier Åse-Kari Kobbersletten (39). Ho er ein ivrig brukar av vågådialekten, både på Facebook og i sms-ar, og ho er i godt selskap.

– Mange av dei eg er på Facebook med, skriv dialekt. Dette er folk frå Vågå og frå andre plassar i landet.

Kobbersletten seier ho er stolt av dialekten sin, og at den gjerne kjem til syne på post-it-lappar og på skriftlige beskjedar til familie og vener.

– Blir du alltid forstått?

– Ja, eg føler eg blir forstått når eg bruker dialekt. I alle fall skriftleg.

FAKTA: Dialekt-døme funne på Facebook:

Gut (15), Stavanger
Tror iche eg ska laga kjøttkaker ijen:P xD

Kvinne (23), Vågå
Døkk æ hjærtele vælkomne når oss kjøm inn;)

Mann (34), Trondheim
Bare mæ å kjæresten i hælga 🙂

Kvinne (57), Trondheim
Æ kjenne mæ itj igjen sjøl heller……

Kvinne (22), Bodø
E trøtt:) Så nu bi de en siste røyk å så god natt;)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...