Heim Nyhende Færre gjester i Årets museum

Færre gjester i Årets museum

Men likevel fleire besøkande enn rekna med i Nynorsk kultursentrum.

 

Totalt var 24100 gjester innom Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta i 2015. Det er 4600 færre enn året før. Men likevel 6 prosent meir enn budsjettert, ifølgje ei pressemelding.

Nynorsk kultursentrum hadde samla inntekter på 26,1 millionar kroner, ned frå 31 millionar i 2014. Institusjonen har no 18 faste medarbeidarar i Ørsta og Ulvik, éin meir enn året før.

Årets museum og framtida til språksamlingane
Nynorsk kultursentrum vart hausten 2015 tildelt prisen Årets museum 2015 av Norges museumsforbund. I grunngivinga si kalla juryen Nynorsk kultursentrum ein pioner i museums-Noreg med «en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi» og trekte mellom anna fram initiativet til og arbeidet med å danne eit globalt nettverk av språkmuseum. Nettverket skal ha si første samling i Milano sommaren 2016. 

Eitt anna viktig prosjekt i 2015 har vore arbeidet med å sikre framtida til språksamlingane frå Universitetet i Oslo. Kunnskapsdepartementet avgjorde før jul at Universitetet i Bergen, i samarbeid med Høgskulen i Volda, skal ta over samlingane.

– Ein samordna aksjon nådde fram, der vi kombinerte faglege argument, ein brei allianse av språkvitskaplege miljø, mange brev og avisoppslag, og samtalar med statsrådar, partileiarar og komiteleiarar, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

LES OGSÅ: – Den beste ideen er enno ikkje tenkt

Hauge-senteret nådde måla
Olav H. Hauge-senteret opna hausten 2014 og hadde sitt første heile driftsår i 2015.

– Det er svært gledeleg å sjå at avdelinga har nådd måla sine i 2015. Den ambisiøse målsettinga med 5.000 gjester blei innfridd gjennom eit innhaldsrikt og variert kulturprogram, godt besøk i utstillingane og eit vellykka fagseminar om poetisk tenking og diktarrolla, seier dagleg leiar Geir Netland på Hauge-senteret.

 

Stryn var ein av kommunane som fekk utebibliotek til sommaren 2015. Foto: Aasen-tunet

Høg aktivitet i alle avdelingane
Ivar Aasen-tunet, som er den største avdelinga i Nynorsk kultursentrum, auka aktiviteten utanfor tunet i 2015. Etableringa av nye utebibliotek i sju kommunar på Søre Sunnmøre og Nordfjord blei svært godt tatt imot av både små og store lesarar og opnar fleire dører for nynorsk barnelitteratur i regionen.

– Temaustillinga «Språk til sals» sette søkelys på eit tema det har vore lite forska på til no, og bidrog til meir kunnskap om nynorsk som reklamespråk, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Også turneane i den kulturelle skulesekken aukar geografisk, og i 2015 signerte Telemark fylkeskommune kontrakt om skulebesøk i 2016. Hauge-senteret hadde også premiere på sin første skulesekkproduksjon i 2015.

Arbeidet med å etablere Vinje-senteret held fram, og løyvinga frå Vinje kommune i desember på 800.000, sikrar planlagd framdrift og første tilsetjing i 2016.

Store digitalt
Nynorsk kultursentrum driv eit omfattande arbeid med å samle og formidle språkarven digitalt, blant anna i form av oppslagsverket Allkunne, som er den største av i alt sju nettstader. Allkunne overtok Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med 7000 artiklar og 14000 bilete, og nettstaden kom i ny og meir brukarvenleg utforming på hausten.

aasentunet.no vart Språkfakta 2015 publisert hausten 2015. Den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk syner gjennom 867 tabellar med kommentarar og analysar, bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med særleg vekt på nynorsk og bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...