Lars Petter Sveen og Guri og Sigrid Sørumgård Botheim meiner Dei nynorske festspela tok ein råsjanse då dei tre blei valde til festspeldiktarar.
– Då dei ringde meg frå Aasentunet trudde eg dei først ville ha tips om kven som kunne bli festspeldiktar, seier Guri Sørumgård Botheim (35). Men etter kvart gjekk det opp for henne at Dei nynorske festspela faktisk var ute etter å få både henne og søstera Sigrid (28) med på laget som festspeldiktarar i 2013. Reaksjonen var omtrent lik hjå tredjemann, Lars Petter Sveen (32).
– Eg trudde ho som ringde frå Aasentunet tok feil, at ho eigentleg spurde om eg kunne vere oppvarming for ein større forfattar. Då eg forsto at ho faktisk spurde meg, begynte eg å argumentere imot. Eg spurde: finst ikkje det ei lov mot dette?
Men no har Sveen har slutta å leite etter motargumenta og teke realiteten inn over seg. Om få dagar er han i Hovdebygda med tittelen festspeldiktar saman med systrene Sørumgård Botheim.
– No kjennest det bra. Det er ein fin måte å vise oss fram på, vedgår han.
– Grenselaust modig
Til no har Lesja-systrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim gitt ut to bøker saman, den tørrvittige og uvant samansydde romanen Ramstein Pensjonat (2009) og antologien «Søsken» (2011).
To titlar er også det Lars Petter Sveen frå Fræna har bak seg. I 2008 gav han ut novellesamlinga «Køyre frå Fræna», medan romanen «Eg kjem tilbake» kom i 2011. For novellesamlinga blei han løna med både Tarjei Vesaas’ debutantpris og Aschehougs debutantstipend.
Dei tre forfattarane er ikkje heilt sikre på korleis den relativt korte forfattarskapen deira står i samanheng med temaet for festspela i år: Grenselaust.
– Det er jo grenselaust modig å velje oss då, seier Guri Sørumgård Botheim.
– Grenselaust risikabelt, vil eg seie, legg systera Sigrid til.
– Samtidig er det no ingen grenser for kvar forfattarskapen vår kan ende opp. Når vi er så unge, er vi frie for forventningane om at vi skal gå i ei viss lei, skyt Lars Petter Sveen inn.
Bygda er der alltid
Medan Guri bur i Trondheim, er utdanna litteraturvitar og jobbar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg, er systera Sigrid utdanna klassisk pianist og nordiskstudent i Oslo. Lars Petter held også til i hovudstaden, er utdanna bibliotekar og arbeider i Foreningen les. Sjølv om kvardagen til dei tre no er i byen, er røtene med i bagasjen.
– Bygdebakgrunnen har vore heilt nødvendig for å skrive det eg har gjort. Eg vil ikkje kalle meg sjølv ein bygdeforfattar, men det handlar meir om ei outsider-kjensle. Det eg skriv om er like universelt både i Fræna og i Oslo, seier Sveen.
– Men i ein by er det kanskje vanskelegare å få auge på konfliktane, seier Guri Sørumgård Botheim. Ho understrekar at for henne er ikkje bygda berre oppvekst og bakgrunn, det er framleis heime.
– Eg har ikkje fjerna meg frå heimplassen min, det kjennest meir ut som om eg er på eit langvarig besøk til Trondheim.
Nynorskstemmer
Med oppvekst i Lesja og Fræna, var nynorsk det naturlege, og er det framleis.
– Då eg var 10 synest eg nynorsk var drit, men eg trur det var på grunn av at vi lærte ein nynorsk som ikkje passa til dialekten. Eg trur det er viktig for lærarar å lære vekk ein nynorsk som passar til slik elevane snakkar, seier Guri.
Lars Petter var ein av dei som skifta målform då han byrja på ungdomsskulen. Han oppheldt seg i bokmålsland heilt fram til han fylte 25 år. I dag ser han både fordelar og ulemper med å ha vendt tilbake til sitt fyrste hovudmål.
– Å skifte tilbake til nynorsk var å finne stemma mi. Men det er stunder der eg lurer på om det er vanskelegare å nå ut til lesarar når ein skriv på nynorsk. Det altfor mange som har eit ekstremt fordomsfullt forhold til målet.
Samtalar med publikum
Under dei fire dagar lange festspela blir forfattarane å finne på fleire arrangement. Lars Petter Sveen skal ha ein spontansamtale med eitt av dei litterære førebileta sine, Kjartan Fløgstad.
– Eg kjem til å spørje om ting eg er nyfiken på, utan å bry meg så mykje om salen, fortel han.
Guri Sørumgård Botheim skal samtale med lyrikarane Mona Vetrhus og Marianne Clementine Håheim, og får dermed sjansen til å snakke om den litterære sjangeren ho synest er mest spennande.
Sigrid Sørumgård Botheim skal spele piano både under opningsarrangementet og til gudstenesta søndag. Systrene skal saman også halde ei framføring der dei raljerer litt med både bokmål og nynorsk, og tilhøvet dei imellom. Om folk kjem til å kjenne dei igjen som festspelforfattarane, er dei likevel usikre på.
– Å bli introduserte for nye namn er også ein del av ein litteraturfestival, påpeikar Guri.
– Men det er litt kjedeleg dersom Dei nynorske festspela går konkurs i år på grunn av at vi er ukjente, seier Sigrid tørt, men på det underfundige Sørumgård Botheimske viset. (@NPK)
FAKTA om Dei nynorske festspela
Går føre seg frå 27. til 30 juni i Ørsta og Volda.
40 arrangement, Ivar Aasen-tunet er hovudarena.
Temaet i år er «Grenselaust» og festspeldiktarane er Lars Petter Sveen og Guri og Sigrid Sørumgård Botheim.
Vamp, Are Kalvø, Kjartan Fløgstad og Henning Sommerro står også på programmet.