Heim Nyhende Festspel med nye perspektiv

Festspel med nye perspektiv

Under Dei nynorske festspela har temaet morsmål sett den nynorske språksituasjonen inn i eit internasjonalt perspektiv. Utøvarane skryt av eit engasjert publikum som på si side fekk unike kunstnarlege opplevingar og ny innsikt.

Hovudpersonen, festspeldiktar Ruth Lillegraven, fortel at ho kjem til å minnast Dei nynorske festspela 2016 med stor glede og takksemd.

– Det har vore spennande, varierte og givande dagar som festspeldiktar. Ikkje minst var det fint å kunne formidle litteratur til alt frå små born i bygdetunet til godt vaksne på omsorgssenteret. Eg er glad for at eg ved to høve fekk lese saman med to kvinner som har lese på sine morsmål, persisk og arabisk. Stas var det også å samtale og opptre saman med dyktige programleiarar og forfattarkollegaer – og ikkje minst fantastiske musikarar, seier Lillegraven i ei pressemelding frå Dei nynorske festspela.

Dei nynorske festspela opna med eit nynorsk dikt på arabisk og avslutta med musikk som bryt ned språkgrenser. På morsmålskafeen vart det lese på tigrinja, og i løpet av festspeldagane møtte publikum tysk, persisk, kanadisk-engelsk og fleire andre morsmål. Utøvarane har formidla kunnskap og erfaringar, og gitt publikum ei fagleg oppdatert og nyansert forståing av korleis kvardagen er i det fleirspråklege norske samfunnet.

Regnet stoppa ikkje publikum frå å fylle Uteamfiet kvar kveld, og mest publikum trekte Ingebjørg Bratland fredag kveld. Det førebelse publikumstalet er 5375 og billettsalet er om lag som budsjettert.

I år var det heile 55 arrangement i Ivar Aasen-tunet og rundt om i vertskommunane Ørsta og Volda. Den nye satsinga Festsprell for born vart godt motteke. Arrangementa strekte seg frå framsyning om latter, via fotball og familiedag til lesestunder på biblioteka i Ørsta og Volda og på barneboktuer i åtte kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord.

Foto: Dei nynorske festspela

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 25. gong

• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

• Over 80 medarbeidarar og frivillige avvikla 55 arrangement

• Over 100 utøvarar var med på Festspela

• Årsbudsjett på 2,2 millionar kroner

• I 2017 blir Dei nynorske festspela arrangerte 29. juni – 2. juli

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...