Heim Nyhende Fleire i tettbygde strok

Fleire i tettbygde strok

I Akershus, Oslo og Rogaland har det vore størst befolkningsauke i tettstadene dei to siste åra, medan det i Hedmark og Telemark har vore minst vekst i tettstadbefolkninga.

 

Nesten 80 prosent av Noregs befolkning budde i tettstader ved nyttår. Folketalet i tettstader har auka med 3,2 prosent i perioden 2009–2011. Tettstadarealet auka i same tidsrom med 2,7 prosent.
I alt 3.900.000 av oss, eller nær 80 prosent av den totale befolkninga, budde i til saman 936 tettstader per 1. januar 2011, går det fram av tal frå Statistisk sentralbyrå. Folketalet i tettstader auka med 120.000, eller 3,2 prosent, i perioden 2009–2011.
Tettstadarealet auka med 64 kvadratkilometer, eller 2,7 prosent, i dette tidsrommet. Befolkninga i tettstader auka med 425.000, eller 12 prosent, medan tettstadarealet auka med 210 kvadratkilometer, eller 10 prosent, i perioden 2002–2011.
Størst vekst i talet på busette i tettstader i perioden var det i fylka Akershus, Oslo og Rogaland, med om lag 4 prosent.
Minst vekst i tettstadbefolkninga var det i fylka Hedmark og Telemark med i underkant av 2 prosent. Til samanlikning auka det totale folketalet i Noreg i perioden 2009–2011 med 2,5 prosent.
Spreiddbygde strok hadde ein svak nedgang i befolkninga i same periode med 2.100 personar, eller 0,2 prosent, av befolkninga i slike område. Ved nyttår budde det i overkant av 1.000.000 personar i spreiddbygde strok i Noreg. (NPK)

 

Førre artikkelNøgde med Nyno
Neste artikkelSiljan mot straumen

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...