Heim Nyhende Fleire skal gjennom introduksjonskurs i norsk

Fleire skal gjennom introduksjonskurs i norsk

Fleire innvandrarar skal gjennomføre introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det er målet når Stortinget tysdag vedtok å endre introduksjonslova.

 

Endringane trer i kraft ved nyttår.

– Introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er sentrale verkemiddel for at dei skal kome seg raskt ut i arbeid eller utdanning. Eg ønskjer å styrkje dette verkemiddelet og er derfor glad for at eit samrøystes Storting no har gitt si tilslutning til å endre lova, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

Endringane går mellom anna ut på at kommunane no skal overta ansvaret for å ta initiativet til opplæringa, og at deltakarane heretter må kunne dokumentere at dei kan noko om samfunnet, for å sleppe å ta dei 50 timane med opplæring i samfunnsfag.

Deltakarane skal frå nyttår òg kunne få permisjon frå introduksjonsprogrammet om dei får tilbod om arbeid, slik at dei kan går tilbake til kurset om møtet med arbeidslivet blir for vanskeleg.

Forskingsinstituttet Fafo skal dessutan evaluere introduksjonsordninga på oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

– For få av dei som avsluttar introduksjonsprogrammet, kjem seg ut i arbeid. Dette gjeld særleg kvinner. Ein del kommunar er gode på integrering, kvalifisering og norskopplæring, mens andre ikkje får det like godt til. Eg er derfor glad for at vi no får ei grundig evaluering av desse ordningane for å sjå kva vi kan gjere for å betre integreringa, seier Solveig Horne. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...