Heim Nyhende Fleirstemt tidsskrift

Fleirstemt tidsskrift

Bente Riise vil gjerne skape eit tidsskrift for både unge og eldre stemmer. Det blir ho heidra for.

 

Korleis er det å bli heidra med tittelen Nordisk tidsskrift 2010?

 

– Det er sjølvsagt stor stas, eller mycket coolt, som den finske kulturministeren sa under prisutdelinga. I vår fekk vi prisen Årets tidsskrift, og no den nordiske. Eg håper prisane medverkar til at fleire blir nysgjerrige på Syn og Segn, og at dei kjøper bladet eller blir abonnentar. Det strøymer på med nye lesarar, og det er kjempekjekt!

Kva er det som gjer Syn og Segn prislønt? Kva er spesielt med tidsskriftet?

– Då siterer eg den nordiske juryen, som seier at Syn og Segn er eit moderne og aktuelt tidsskrift, at det inneheld interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar. At det er stor breidd i sjanger og tema, og at ein får lyst til å lese meir og tenkje vidare sjølv. Sjølv vil eg leggje til at det er eit tidsskrift med humor, og at vi stadig overraskar med val av tema og folk.

Kva tidsskrift tek Syn og Segn mål av seg å vere?

Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som tar opp tema innan kultur, politikk og samfunn. Med ei så romsleg ramme bør det helst vere eit bra spenn i tema, noko eg heile tida jobbar med. Målet er å gje ut godt og interessant lesestoff på nynorsk som når ut til mange.

Kva er den viktigaste samfunnsrolla til Syn og Segn?

– Ho har endra seg over tid. På syttitalet var Syn og Segn primært eit tidsskrift for gymnasiastar som skulle bli gode stilskrivarar. No er lesarane vaksne og vel så det, men framleis er Syn og Segn eit nynorsk stilideal og ein viktig publikasjon for folk som vil lese godt nynorsk språk, anten ein er lærar, student eller generelt meir enn normalt opptatt av kultur og samfunn.

Kvifor treng me Syn og Segn?

– Vi treng å ha eit organ for skrift og tankeliv på nynorsk som er midt mellom avisa og boka. Eit mellomrom der det er god plass til både eksperiment og erfaring. Ein stad der vidt ulike tankar kan møtast og brynast, og ein stad å lufte vitet og bli utfordra.

Er det levekår for smale tidsskrift her i landet?

– Ja, men ikkje gode nok, om du tenkjer på offentleg støtte. Mange tidsskrift blir laga på dugnad, og ingen får betalt. Det kan ein gjere ei viss tid, vanlegvis nokre år, men så går det ikkje lenger. For å lage kvalitetstidsskrift må ein ha ressursar og krefter til å gjere det over tid. Difor er det dei forlagseigde tidsskrifta som overlever, eller andre som har ein god eigar i ryggen. No håper eg at fleire vil lese tidsskrift framover.

Skal tidsskriftet vere ein kanal for å få fram nye stemmer?

– Ja, det er viktig å leite etter både nye og unge stemmer. Syn og Segn har i alle år vore ein stad der folk har debutert som skribent, for seinare å bli forfattar, formidlar og deltakar i det offentlege ordskiftet på ulike felt. Men vi har ikkje berre unge, vi har også mange av dei etablerte skribentane og forfattarane. Eg vil helst ha eit fleirstemt tidsskrift som treff mange.

Kva er nynorsken sine største utfordringar no framover? Kvifor?

– Eg synest det er trist å sjå at så mange byter til bokmål, både som tenåringar og som vaksne. Det er ei stor utfordring å vise at nynorsk er eit godt og funksjonelt språk ein kan leve med heile livet. Nynorsk har eit omdømeproblem, og det trengst ei stor og omfattande satsing på nynorsk språk. Eg ønskjer meg ein langsiktig strategi og handlingsplan i offentleg regi. Målrørsla verken kan eller skal gjere denne jobben aleine.

Kva kan ein gjere for å styrkje nynorsken?

– Vi må vise at nynorsken kan brukast til alt, heile tida. Rikspressa må parkere den forelda anti-nynorskpolitikken sin. Vi må gje ut bøker og anna som treffer det breie publikumet, og vi må sørgje for at alle kommunar, både byråkratiske og politiske organ, sørgjer for å lage seg ein framtidsretta språkpolitikk som styrkjer nynorsk. Eg synest at barnehagar og skuleverk må få konkrete tiltak og handlingsplanar for nynorsk. Vi må hindre overgang til bokmål. Det må også bli lettare for vaksne å halde på nynorsken i arbeidslivet. Heldigvis ser vi små teikn til at delar av fagrørsla engasjerer seg, men det er langt att.

Korleis kan Syn og Segn vere med på å styrkje nynorsken?

– Vi kan gje folk godt og interessant lesestoff på eit godt og kvalitetssikra språk. For meg er det viktig å gje lesarane både breidde og djupn, alvor og humor. Vi har også ein av dei beste språkvaskarane i landet, Aud Søyland.

Kva trur du om framtida til tidsskrifta, ikkje minst kontra nettutviklinga?

– I dag er tendensen at papiravisene mister opplag, og at spesialpressa veks. Aviser som Klassekampen, Morgenbladet og Dag og Tid veks. Folk som vil ha fordjuping i emne og tema dei er særleg interesserte i, kjøper no spesialpublikasjonar og tidsskrift. Mangfaldet kjem til å bli større, og delar av dette mangfaldet blir å finne på nett, også tidsskrifta.

Vil lesarane ha tidsskrift også i framtida? I så fall: Kva tidsskrift vil dei ynskje seg?

– Dei vil ha det dei er opptekne av. Er dei interesserte i politikk, kjem dei til å lese om politikk i framtida også. Eg trur at fleire tidsskrift vil bli å kjøpe på nettet framover, sjølv om papirtidsskriftet framleis står støtt lenge enno. I dag er vi berre i byrjinga av denne utviklinga. Syn og Segn skal jobbe med digital strategi framover, og eg håper vi får til spennande tilbod på nett om ikkje så lenge.

Aktuelt: Bente Riise

Bur: Rodeløkka i Oslo

Aktuell: Redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, som nyleg vart kåra til Nordisk tidsskrift 2010.

Språk: Nynorsk

Alder: 48 1/2

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...