Heim Innspel Bokmålsfundamentalistane

Bokmålsfundamentalistane

Er lågmoms det som skal til? Redaktørane i dei to største nettavisene i Noreg likte dårleg då Norsk Målungdom hjelpte dei med å laga eigne versjonar av avisene maskinelt omsett til nynorsk. Dagbladet-redaktør Lars Helle blei så oppøst at han stoppa nynorskdb.no på mindre enn eit døger. Eigentleg burde han berre vera nøgd. Kvar ekstra annonsevising som stuntet bidrog til, førte til ekstra inntekter for Dagbladet.

«Identitet». «Tradisjon». «Dette er noko me har bestemt». Det var dei beste forklaringane dei kunne koma opp med på spørsmålet om kvifor deira eigne journalistar ikkje får bruka nynorsk på jobben. Ikkje heilt ukjent argumentasjon for andre mørkemenn – som tek avgjersler på vegne av andre i krikar og krokar elles i samfunnet. Men sidan dei ikkje klarar å finna andre argument, så er det kanskje ikkje så gale likevel? Ein gong må vel trollet sprekka?

Monster-motstanden mot nynorsk i riksavisene, er om lag like gamal som avisene, eller nynorsken for den del. Men måten me kommuniserer på har endra seg. Avstadane har blitt kortare. Nettavisene til Dagbladet og VG har fleire lesarar enn papirmødrene sine. Dei er også vorte meir riksaviser. Enno er hovudstaden verdas navle, men også i fleire lokalsamfunn spreidd ut over heile Noreg er VG Nett det mest lesne mediumet – og tovegskommunikasjonen mellom lesarane aukar. Då er det litt merkeleg at dei ikkje kan godta begge dei to offisielle målformene i kongeriket Noreg. Viss dei verkeleg har ambisjonar om å vera riksaviser og kommunisera med lesarane sine, meiner eg.

For to år sidan hoppa fleire redaktørar ut og ropa om åtak på ytringsfridomen. Friske takter frå Språkrådet føreslo å bruka økonomiske verkemiddel for å la avisjournalistane få bruka begge dei offisielle norske målformene. Det byrja med at bokmålsbrukar og tidlegare radiodirektør i NRK, Tor Fuglevik, føreslo å knyta momsfritaket til avisene til bruk av begge målføra. Aviser som nektar bruk av begge målformer burde mista pressestøtta, både når det gjeld direkte pressestøtte eller momsfritaket.

Kulturdepartementet skal no handsama tilrådingane frå Mediestøtteutvalet. Eit lite juleønskje er nokre nærmare vurderingar om forslaget til Fuglevik. Dersom departementet til dømes kjem fram til lågmoms for nettavisene, så kunne det vore heilt fint om dei knytte dette til om den enkelte riksavis tillét begge målformene eller ikkje. Når norske aviser får pressestøtte som momsfritak er det for å fremja presseideal som fri informasjon, debatt og samfunnskritikk. Men det er også for å fremja det norske språket – i begge sine offisielle målformer. At osloredaktørane ikkje forstår dette har lite med toleranse og mangfald å gjera. Det kunne jo vera kjekt å sjå om ei gulrot som lågmoms kunne endra på dette?

Svein Olav Langåker er prosjektleiar i nettavisa Framtida.no

Førre artikkelAttraktive kommunar?
Neste artikkelFleirstemt tidsskrift

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...