Heim Nyhende Følgjer med på debatten

Følgjer med på debatten


Kommunesamanslåing er eit tema som opptek folk i Radøy kommune.

– Eg snakkar med mange som meiner tida no er moden for ei kommunesamanslåing, seier redaktør i avisa Strilen, Hans Egil Storheim.

Utan at han kan eller vil føreseie kva innbyggjarane i kommunen vil meine viss ein skulle kome til ei folkerøysting, så ser han at stemninga når det gjeld kommunesamanslåing er annleis no enn for 20 år sidan.

– Folk i Radøy er opptekne av gode tenestetilbod, som barnehage og skule og har høge forventningar til primærtenestetilbodet, seier redaktøren. Temaet kommunesamanslåing har vore gjenstand for debatt i avisa og seinast denne veka i regionrådet for Nordhordland. Regionrådet har spurd dei sju kommunane dei dekkjer om dei er villige til å utgreie ein ny kommunestruktur.

Kva konsekvensar ei eventuell endring i denne strukturen vil få for ei lokalavis som Strilen, som i dag dekkjer sju kommunar, er vanskelege å spå, meiner redaktøren.

– Det er ganske omfattande å dekkje det som skjer i sju kommunar, slik vi gjer i dag. Det blir kanskje litt enklare å følgje politikken i éin.

Les også: Vil greie ut nye kommunar i Nordhordland.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...