Heim Nyhende Vil greie ut nye kommunar i Nordhordland

Vil greie ut nye kommunar i Nordhordland


Regionrådet i Nordhordland ber kommunane sjå på potensialet for samanslåing. – Dersom vi skal endre strukturane, må vi òg stille spørsmålet om vi skal lage ein heilt ny kommune, seier ordførar Jon Askeland (Sp) i Radøy.


– Å starte ein samanslåingsprosess med eit kommunestyrevedtak som seier ja eller nei til kommunesamanslåing, blir å byrje i feil ende, meiner Radøy-ordføraren. Han meiner samanslåingsdebatten i kommunane manglar ein del vesentlege nyansar, og har meir tru på å kaste korta og tenkje nytt. Korleis kan ein ny, stor kommune sjå ut? Kva verdiar og ressursar skal ein leggje i potten for å skape ein slik kommune? Ved å reise slike spørsmål tvingar ein dei folkevalde til å tenkje nytt, meiner Askeland.

Stigmatisering

– Eg er litt lei av stigmatiseringa rundt kommunesamanslåingar, der premissen ser ut til å vere at små kommunar er synonymt med for dårlege kommunar. Faktisk er det dei mellomstore kommunane som ikkje får småkommmunetilskot eller distriktskommunetilskot, og som ikkje har store kraftinntekter, som kjem dårlegast ut økonomisk.

Han er likevel klar på at økonomi er ein faktor i kommunesamanslåingsdebatten og i biletet av ein ny storkommune, på same måten som stadig aukande krav til tenestetilbod er det. Samstundes stiller det auka fokuset på einskildmennesket sine rettar i samfunnet store krav til kommunane, meiner han. Kommunen må ha ein driftsstruktur som krev eit fagmiljø dei fleste små og mellomstore kommunar ikkje er i stand til å skaffe seg på eiga hand. Dette kan dei fleste kommunar søkje å ordne gjennom interkommunale samarbeid, men Askeland peiker på at slike samarbeid på sikt kan gje eit demokratisk underskot.

– Ansvaret for slike samarbeid blir ofte gitt til ein rådmann i ein av kommunane, og då flyttar vi samstundes den politiske makta ut av kommunestyresalane.

Ønskjer ikkje tvang

Sjølv om Askeland kjem frå eit parti som tradisjonelt ikkje har vore blant dei mest positive til kommunesamanslåing, er han ikkje redd for å seie at han trur ein ny storkommune vil vere ein god idé for Radøy. – Senterpartiet er i første rekkje mot at kommunesamanslåing skal skje ved tvang. Frivillige samanslåingar er noko heilt anna.

– Går de inn i denne utgreiinga av ny storkommune for å unngå å bli tekne med tvang?

– Ja, vi vil gjerne kome tvungen samanslåing i forkjøpet.

På spørsmål om han har innbyggjarane sine i ryggen i denne saka, seier ordføraren at han stolar på at folk i alle fall er villige til å greie det ut.

– Folk i Radøy vil vere interesserte i å få svar på kva den nye kommunen vil bli. Så kan dei gjere seg opp ei meining.

At lokalpatriotismen vil gjere seg gjeldande, er han sikker på, og han har forståing for at folk ofte ønskjer å bevare ting som dei er.

– I dimensjonen mellom sjela vår og dei rasjonelle argumenta håper eg vi får eit reflektert fleirtal som vil vere med og avgjere dette.

Og når det kjem så langt at harde tal og fakta ligg på bordet, då er ordføraren klar på at det må ei rådgjevande folkerøysting til.

Ingen grenser

Både i nettdebattane og blant politikarane regionalt og nasjonalt er det mange meiningar om kor mange kommunar det bør vere i Nordhordland, og kor kommunegrensene skal gå. Gjermund Hagesæther (Frp) har føreslått å redusere talet på kommunar i fylket frå 33 til 8. I dag har Radøy kommune 4 825 innbyggjarar, og kommunen har ei positiv folketalsutvikling.

Fleire av dei kringliggjande kommunane, som Meland, Øygarden og Austrheim, har færre enn 6 600 innbyggjarar, og nabokommunen Fedje i vest har 595. Sjølv vil ikkje Askeland spå om tal eller teikne grenser på kartet enno. Ein stor kommune er ikkje noko mål i seg sjølv, meiner han. Eit avgjerande poeng for ein ny kommune vil vere at den har ein geografi som sikrar nærleiken til demokratiet.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...

Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Torsdag 23. mars arrangerer Nynorsksenteret eit gratis nettseminar om korleis ein kan hindra at elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Molde vidaregåande har teke nokre...

Inviterer til å tolke Dolly og Johnny på nynorsk eller dialekt

Dolly Parton og Johnny Cash på nynorsk eller dialekt. No blir ein ny gjendiktingskonkurranse kunngjort. Inspirert av suksessen med å be om slike tolkingar av...

Fleirtal for nynorsk i Telemarkskommune

Etter ei rådgivande folkerøysting i Hjartdal går eit fleirtal inn for å behalde nynorsk som hovudmål på offentleg skule i kommunen. Nynorsk fekk 189 stemmer,...