Ei rådgjevande folkerøysting om skulemål på Otta skole i Sel kommune måndag resulterte i 103 stemmer for bokmål og 76 for nynorsk. Skulen har nynorsk som hovudmålform i dag.
Sist oppdatert: 14. mars 07:15
Otta skule er ein nynorskskule, men har vore språkdelt i mange år. Ifølgje Sel kommune har praksisen vore at foreldra melder frå ved skulestart kva målform dei ønskjer for barnet sitt. Dei første åra fordelte talet på nynorsk og bokmålselevar seg nokså jamt, med ei overvekt av bokmål eitt år og ei overvekt av nynorsk eit anna. Tala frå skuleåret 2010-2011, som vart lagt fram for kommunestyret i fjor vår, viste at 23 prosent av elevane frå 1. til 6. klasse hadde nynorsk som si hovudmålform, medan 77 prosent hadde bokmål. Opplæringslova opnar for at det kan opprettast klassar i den andre målforma når ti eller fleire elevar krev det.
Dei andre skulane i Sel kommune har nynorsk som hovudmålform. Sel kommune er ein språknøytral kommune.
– Den utløysande faktoren for ei folkerøysting var at FAU ved Otta skole bad om at det vart sett på dette med målform. Over tid har ein sett at dette er ein nynorskskule kor berre rundt 20 prosent av foreldra vel nynorsk, seier ordførar Dag Erik Pryhn (Ap) til LNK.no.
Kommunestyret i Sel vedtok derfor i mai i fjor å få ei rådgjevande folkerøysting om eit eventuelt skifte av målform frå nynorsk til bokmål, og denne folkerøystinga vart halde måndag 12. mars i år. Berre 6 prosent av dei som har stemmerett i saka stemde ved folkerøystinga.
– Eg registrerer at engasjementet er relativt labert, seier Pryhn. – Etter mi meining har kommunen orientert godt om det som skal skje, gjennom brev til foreldra, infomøter, informasjon til FAU og omtale i media.
Det vart halde eifolkerøysting om målform også i 1971, som den gong resulterte i eit fleirtal for bokmål på Otta skole. Den gongen var frammøteprosenten på 40. Men kommunestyret meinte at deltakinga var for dårleg til at ein ville gjere endringar basert på folkerøystinga, og Otta skole haldt fram med å vere ein nynorskskule. Kva som blir utfallet denne gongen, vågar ikkje Pryhn spå. Det er kommunestyret som skal ta den endelege avgjerda om målform, og ordføraren reknar med at saka kjem opp etter påske.
– Kva meiner du sjølv om byte av målform på Otta skole?
– Eg har eit pragmatisk syn på dette. Eg er ikkje verken tilhenger eller mosttandar av nynorsk. Sjølv bruker eg mest bokmål. Men eg meiner vi må lytte til brukarane våre i denne saka, som på andre område, og terrenget her har vore ganske tydeleg i mange år, seier ordførar Pryhn. Han kan òg fortelje at to andre skular i Sel kommune har vendt seg til kommunen og bede om å få ta si målform opp til revurdering. Desse er to reine nynorskskular som ikkje har vore språkdelt slik som Otta skole.
– Dette har vi ikkje tatt stilling til enno, seier Dag Erik Pryhn.