Heim Nyhende Første Nintendo Wii U-spel på nynorsk

Første Nintendo Wii U-spel på nynorsk

Shadow Puppeteer er det første spelet på Nintendo Wii U som har nynorsk tekstval.

 

Martine Rørstad Sand brukte berre nokre timar på å omsetja det kritikarrosa spelet frå Hamar Game Colletive. Grensesnittet i menyen, innstillingar og dialogboksar kom i slutten på januar på 11 språk, mellom anna russisk, spansk og portugisisk i tillegg til bokmål og nynorsk.

– Studioet som har laga spelet har to nynorskfolk i staben, så for dei var det sjølvsagt at spelet skulle kome ut både på nynorsk og bokmål når dei skulle ha norsk som språkval i spelet. Kjærasten min er den eine av nynorskbrukarane som har vore med og laga spelet, så det var gjennom han eg fekk denne mogelegheita. Det er ganske kult å ha namnet sitt med i rulleteksten til eit spel, seier 26-åringen frå Fiskarstranda, som ligg i Sula kommune i Møre og Romsdal.

LES OGSÅ: Amalie Marie kan tena 50.000 i månaden på å spela dataspel

Prisløna spel

PC-versjonen av Shadow Puppeteer, eller Skuggemeisteren på nynorsk, har vore nominert til prisen for beste nordiske spel, og har vunne to prisar, mellom anna Director’s Choice-prisen på Indie Prize Europe.

– Korleis har det vore å omsetje spelet?

– Det er alltid ei utfordring å finne gode omsetjingar til ord ein ikkje kjenner så godt til frå før. Omsetjingane bør vere korte slik at all teksten blir vist. Til dømes er det ein del uttrykk ein gjerne berre brukar på engelsk sjølv når ein snakkar norsk, fordi folk ikkje kjenner dei norske orda, eller fordi det ikkje finst ei innarbeidd omsetjing i det heile. Slik blir det når dei fleste spel berre finst på engelsk og folk blir vande med å bruke dei engelske uttrykka. Til dømes er SSAO er ei forkorting som er vanleg å bruke under grafikkinnstillingar. Det står for screen space ambient occlusion. Her valde ein å bruke den engelske forkortinga, sidan den norske omsetjinga ville blitt ganske lang og krunglete. Folk som speler og vil tilpasse grafikken skjøner uansett kva forkortinga står for sidan den er så innarbeidd.

– Ein må vite kva slags linje ein skal leggje seg på i omsetjingane, om ein skal vere mest mogeleg tru mot opphavsspråket engelsk som alle er vande med å spele på, eller om ein skal fornorske alt ein kjem over. Det er viktig at folk ikkje skal stusse og hengje seg opp i språket når dei speler.

<iframe width=”455″ height=”256″ src=”https://www.youtube.com/embed/SjByjCJelKU” frameborder=”0″ allowfullscreen></iframe>

LES OGSÅ: Dataspel skal motivera elevane

Har omsett Facebook og Ubuntu

– Eg er veldig glad i nynorsk, og vil gjerne at så mykje som mogeleg er tilgjengeleg på nynorsk, og at nynorsken blir synleggjort på alle område, understrekar Martine Rørstad Sand.

Ho trur det er første gong ho omset eit spel.

– Men eg har omsett mykje før på frivillig basis, både til bokmål og nynorsk. Mellom anna har eg omsett mykje på Facebook og programvare for operativsystemet Ubuntu, og eg redigerer gjerne Wikipedia dersom eg kjem over noko eg ikkje er nøgd med.

Martine Rørstad Sand kan godt tenkje seg å jobbe med språk og omsetjing når ho er ferdig utdanna.

– Om nokon vil ha noko omsett, er det berre å ta kontakt! seier ho.

Til vanleg bur ho i Hamar og skriv på ein mastergrad i digital kommunikasjon og kultur.

– Oppgåva mi handlar om skriving på dialekt på Facebook, og eg skal levere ho i mai. Ved sida av studium jobbar eg på ein butikk medan eg leitar etter relevant jobb eg kan ha når eg er ferdig. Eg er utdanna norsklærar.

LES OGSÅ: Gaming formar språket

Shadow Puppeteer handlar om ein liten gut som har vorte skilt frå skuggen sin. For å bli sameina må dei manipulera skuggar og lys, og kjempa mot ein skuggemeister med skumle planar.

Spelet er eit gåte-, eventyr- og samarbeidsspel som lèt ein spelar styra guten i tredimensjonale omgivnader, medan den andre kontrollerer skuggen som er låst ei todimensjonal verd.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...