Heim Nyhende Kva heiter mastergrad på norsk?

Kva heiter mastergrad på norsk?

Mastergrader, bachelorprogram og Erasmus Charter for Higher Education. Engelsk tek over for norsk innanfor høgare utdanning. Ein ny rapport peikar på problemet og moglege løysingar.

 

Du skal ikkje langt opp i utdanningssystemet før engelsk tek mykje plass. I Språkfakta 2015 som Ottar Grepstad har samla, kan ein lese at “i 2006 blei 33 prosent av masteroppgåvene ved norske universitet og høgskular skrivne på engelsk, mot berre 9 prosent i 1986.” Og vidare at “i 2002 var 76 prosent av doktoravhandlingane skrivne på engelsk.”

Grunnane kan vere mange. Publisering i anerkjente tidsskrift er kopla opp mot finansiering av forskinga. Samarbeidet mellom norske og utanlandske miljø aukar. Studentar og forskarar er stadig oftare på utveksling i andre land. Fleire oppgåver blir skrivne på engelsk, meir av pensumet er på engelsk. Snart er norsk radert ut frå høgare utdanning. Språkdomenet er tapt.

Lite medvit
– Så ille er det ikkje. Det er ikkje noko nytt at det blir nytta mykje engelsk i høgare utdanning, seier Jorunn Simonsen Thingnes.

– Problemet er at miljøa ikkje er medvitne problemstillinga. Det er statleg vedteken politikk at norsk skal vere eit fullverdig, samfunnsberande språk som er i bruk på alle domene, også i høgare utdanning og forsking, men det norske fagspråket vert stadig utfordra. For mykje blir skrive og publisert utan at ein har teke eit medvite val om kva språk ein nyttar. Norsk taper i konkurransen mot engelsk som publiseringsspråk, og publiseringspresset forskarane står overfor, har noko av skulda, seier Thingnes.

På oppdrag frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget har ho laga rapporten “Parallellspråkbruk i praksis. Om behovet for eit norsk forskingsspråk i høgare utdanning og korleis ein kan sikre det”. Ho har sett nærare på kva som er vedteken språkpolitikk på dette feltet, korleis han blir følgd opp i praksis og kva konkrete tiltak ein kan setje i verk for å styrkje norsk språk innanfor høgare utdanning. 

Teori og praksis
Eitt av hovudmåla for stortingsmeldinga Mål og meining (2008) var å finne tiltak som kunne demme opp for engelsk språk i det norske samfunnet. Det vart understreka at trusselen var særleg stor innanfor høgare utdanning. Meldinga understreka at det var fleire grunnar til å halde på norsk som eit levande fagspråk. Ein ting er at språk ikkje har godt av å miste domene, det er bra at det kan nyttast på alle felt i samfunnet. Men også internt er det viktig, studentar vil lettare tileigne seg eit fag om dei kan gjere det på sitt eige språk Dessutan er det mykje enklare å formidle det ein held på med til omverda, når omverda forstår språket.

–  Dette er det lett å vere samd i, seier Thingnes.

– Problemet er at ein gløymer det i kvardagen og at språk ofte ikkje veg tungt nok. Universitets- og høgskulerådet (UHR) har ei språkpolitisk plattform, men ho er ikkje konkret nok, og ynsket om internasjonalisering veg tyngre enn lovnaden om å ta vare på norsk språk. Samstundes nyttar det ikkje å angripe bruken av engelsk. Han er komen for å bli. Spørsmålet  er korleis me kan få opp bruken av norsk, slik at norsk fagspråk og terminologi kan utvikle seg side om side med engelsk. I Mål og meining står det at ein kan nytte engelsk når det er «nødvendig eller formålstenleg». Det er ei vag formulering, og ho gjer det alt for lett å forsvare bruk av engelsk der ein like godt kunne nytta norsk. Det må ein få bukt med.

– Og kva er løysinga?

–  Det er parallellspråklegheit. Omgrepet har vore kjent lenge, men det er vanskeleg å setje ut i praksis og har diverre blitt noko som institusjonane kan gøyme seg bak. Difor treng ein parallellspråksbruk som praksis, ikkje teori. Problemet er at det finst få konkret tiltak som gjer dette mogleg. Når det gjeld forsking, er parallellpublisering ei mogleg løysing.

Årleg artikkelsamling
– Eg reknar med at du har eit framlegg.

– Utgangspunktet for denne rapporten var ein ide om ei årleg artikkelsamling der ein set om vitskaplege artiklar til norsk. Originalt såg ein føre seg at ein tok med dei mest siterte artiklane det siste året, men det er kan hende ikkje den beste løysinga. Målet er jo at desse omsetjingane skal lesast, særleg av studentar. Då må ein heller finne dei viktigaste artiklane, dei som kjem på pensumlistene i dei ulike faga.

– Det blir truleg ingen kioskveltar?

– Det er heller ikkje målet. Målet er at studentane, som har nok kunnskap til å forstå artiklane, kan sjå at det er råd å uttrykkje seg på norsk. Dei får eit førebilete for eiga skriving. Om studentane ser at sentrale artiklar på pensumlista er skrivne på norsk, vil det bli enklare for dei å sjå føre seg å skrive ei eventuell eiga masteroppgåve på norsk, seier Thingnes.

Kvardagen
Thingnes understrekar at det er store skilnader mellom faga. Fysikk nyttar t.d. veldig mykje engelsk, medan juss nyttar mest norsk sidan emnet er knytt til skriven norsk lov og norske tilhøve. Men éin ting er kva studentane les og skriv i studietida, noko anna er kva språk dei skal nytte etter enda utdanning.

– Det er berre ei handfull av mastergradstudentane som går vidare til å bli forskarar. Dei andre skal ut i yrke der dei skal snakke med andre om faglege emne. Sjukepleiarar skal møte pasientar, og fysikarar skal forklare noko for elevane sine. Dei treng eit språk å gjere det på.

– Og desse artikkelsamlingane vil endre på det? 

  Dei er eit godt tiltak som vil gjere ein forskjell.  Artikkelsamlingane er parallellspråksbruk i praksis, dei hjelper universiteta med å oppfylle samfunnsansvaret sitt, og dei gjev studentar tilgang til det norske fag- og forskingsspråket. Ein må styrkje medvitet kring norsk fagspråk. Internasjonaliseringa som no rir høgare utdanning, er altoppslukande. I staden for at universiteta sender tilsette på nynorskkurs, så blir dei no sende på engelskkurs. Vi treng begge delar, og gjennom klok parallellspråksbruk treng ikkje det eine å gå på kostnad av det andre. Ein kan meine kva ein vil om det norske fagspråket, men det ligg ein offisiell språkpolitikk i grunnen. Den må fylgjast opp, seier Thingnes.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...