Heim Nyhende Frå barnehagen til biblioteket

Frå barnehagen til biblioteket

Born i Fitjar kommune låner 23 bøker i året. Bibliotekaren er samd med pedagogisk leiar i Fitjarstølane barnehage om at det er viktig å bli kjent med biblioteket tidleg.

 

– Eg kan lesa litt, forklarar Eldrid (6), som er på bibliotekvitjing med førskulegruppa i Fitjarstølane barnehage.

I tillegg til å vitja biblioteket ein gong i månaden med barnehagen, er ho jamleg innom på fritida.

– Me går ikkje aktivt inn for å læra ungane å lesa, men når dei vert interessert i bøker, bokstavar og ord får det ringverknadar. Lesetreninga skjer på ungane sine premiss, me berre legg ut små agn som dei bit på, forklarar Mona-Kristin Tufteland, pedagogisk leiar i barnehagen.

 

Fabelaktige Fitjar

I 2014 lånte Fitjar Folkebibliotek ut 23,4 barnebøker per innbyggjar under 13 år. Året før toppa biblioteket statistikken i Hordaland med eit lånesnitt på 25,1 bøker blant dei yngste. Til samanlikning hadde lånte biblioteket i nabokommunen Stord ut 4,2 til kvar person under 13 år.

Bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen har sjølv lurt på kvar leseentusiasmen i bygda kjem frå.

– Det er ikkje så mykje me gjer forskjellig frå andre bibliotek, men det er noko me gjer rett, seier Torbjørnsen og peikar mellom anna på eit budsjett som gjev rom for å kjøpe inn dei nye bøkene som ungane vil ha.

Eit godt samarbeid med skulen er viktig – elevane får ta leseknappen og fleire klassar har kassar med tilrettelagde bøker ståande framme.
Men leseinnsatsen startar allereie før ungane er skuleklare. Bibliotekaren, som sjølv har lærarutdanning, trur nettopp tidleg innsats er ein del av nøkkelen.

Dei som les mykje når dei er små, er gjerne dei som held fram å lesa – og som tek høgare utdanning. Bibliotekaren har difor vore på foreldremøte både i barnehagen og skulen for å minne foreldra på kor viktig både høgtlesing og eigen lesing er.

Populære Pippi

Når Fitjarstølane barnehage er på biblioteket får ungane sjølv velje kva dei skal ta med seg tilbake til barnehagen.

Bøker kjent frå tv-seriar er særleg populære. Ungane finn fram Albert Åberg, Pippi og Karsten og Petra. Det går i ein fei og snart er boksekken full.

Pedagogisk leiar meiner det er viktig at ungane får sjå mangfaldet og lærer at dei ikkje nødvendigvis treng å kjøpe bøkene.

For barnehagen er bibliotekbesøka ein del av ei medviten satsing på språk og kommunikasjon.

– Me har ei lita lesestund kvar dag og tykkjer det er kjekt med noko nytt, sjølv om både barn og vaksne set pris på litt repetisjon, smilar Tufteland, som set pris på gode litteraturtips frå bibliotekaren.

Litteraturen vert ofte knytt opp til tema i rammeplanen, som geometriske former, natur, høgtider eller lokalhistorie om vikingar.

Sjølv om kommunen har nynorsk hovudmål medgjev pedagogen at dei ikkje alltid er medvitne nok på målforma. No har bibliotekaren gjort det lettare med å merke nynorskbøkene med «I <3 NY».

– Det er viktig å løfta fram nynorskbøkene, men ein skal ikkje gå glipp av dei gode lesaropplevingane på bokmål, understrekar Torbjørnsen.

Snedig språksprell

– Bøker og litteratur utvidar ordforrådet deira, fordi ein bruker andre ord enn når me snakkar. Mange tenkjer gjerne at lesing er noko som høyrer skulen til, men eg tykkjer eigentleg det er litt seint å byrje med det då, seier Tufteland.

Barnehagen jobbar med ein språkpakke kalla Språksprell, der ein leikar med ord gjennom mellom anna stavingsdeling og rim.

Denne leiken får dei tilbakemelding på at kjem godt med når ungane seinare byrjar på skulen. Pakken er berre tilgjengeleg på bokmål, noko Tufteland tykkjer er særleg utfordrande når dei jobbar med rimord.

Sosialt snakk

I høgtlesinga vert tekstane stort sett omsett til dialekt av den vaksne som les.

Lesing i små tilpassa grupper bidreg til nærleik mellom barn og vaksne. Lesestunda og dialogen rundt kan òg nyttast i det sosiale arbeidet om det oppstår konfliktar i barnegruppa. Dei får trening i empati og fantasi.

Barnehagen nyttar seg òg av Snakkepakken – eit pedagogisk språkverkty som kjem godt med for å konkretisera når ungane skal læra ord og omgrep. Pakken er utvikla spesielt med tanke på born med eit anna morsmål og inneheld mellom anna dokker, dyrefigurar, frukt og fargerike bilar, ulike stoff og former.

Hugs humor!

Barnehagen byrjar med enkle forteljingar for dei minste borna – gjerne med visualisering – og tek det gradvis vidare til dei eldste borna kan høyra historier kapittelvis utan bilete. Slik får dei trena hukommelsen og forståinga.

Både læring og oppleving er viktig.

– Me les ikkje berre for å lesa. Bøker kan brukast til så mykje. Det sosiale og det språklege heng saman, men me må passa på at me får inn humoren, slik at ikkje bøker berre vert ein alvorleg ting, meiner Tufteland.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...