Heim Nyhende Frå jamstelling til språksikring

Frå jamstelling til språksikring

Høgskulelektor Eli Bjørhusdal meiner me er nøydde til å tenkja språksikring for å gi nynorsken ein sjanse.

 

– Nøytraliteten duger ikkje når nynorskelevane møter det store bokmålet. Dei er for utsette, seier Eli Bjørhusdal til Framtida.no. Ho er høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med ein doktorgrad om norsk språkpolitikk. Ho var i helga invitert til landsmøtet til Noregs Mållag for å innleia om norsk språkpolitikk.

– Lik tevling held ikkje, då er ein dømd til å sjå det store språkskiftet som ein ser i dag framover. Minoritetsspråket taper om det ikkje får spesiell hjelp, held ho fram.

Ho understrekar at jamstelling må liggja i botnen, men at ein må tenkja språksikring nynorskområda.

– Dei sentrale språkreguleringane for skulen blei etablerte i ein heilt annan historisk samanheng, med heilt andre makttilhøve mellom nynorsk og bokmål enn i dag, sa Bjørhusdal i innlegget sitt.

Tida frå 1892 og fram til andre verdskrigen var ei kraftig oppgangstid for nynorsk bruksspråk. Nynorsk var sjølvsagt eit mindretalsspråk òg på denne tida, men det var eit mindretalsspråk som dei aller fleste trudde skulle bli eit stort, landsens språk. Nynorsk fossa fram. Då var det å ta bort formelle nynorskhindringar på den språklege marknaden, det vil seia å leggja til rette for like språklege vilkår, lik tevling og formell jamstilling, det same som å leggja til rette for meir nynorsk.

Fleire verkemiddel

Eli Bjørhusdal kom med denne oppmodinga til landsmøtet:

Det prinsipielle spørsmålet som er verdt å drøfta, er om målrørsla bør halda fast ved ein statleg språkpolitikk for heile Noreg som inneber ei symmetrisk jamstelling mellom nynorsk og bokmål, berre gjennomført med meir kraft og konsekvens. Eit alternativ kan vera at jamstillings- eller nøytralitetsprinsippet på nasjonalt plan og i bokmålsområda blir supplert med eit klart språksikringsprinsipp, eit prinsipp som gjev tilgang til fleire verkemiddel, også reguleringar, for å oppretthalda nynorsken som førstespråk der han er det.

Andre vegar til målet
Bjørhusdal viser til at språkskifte og situasjonen til minoritetsspråk er eit stort forskingsfelt i Canada og USA.

– Forsking og erfaringar derifrå viser at det finst andre vegar, poengterer ho.

– Kva tiltak meiner du kan vera med på å sikra språket?

– Det er ein mange tiår gamal tradisjon i Noreg med offentlege tiltak og kampanjar for sikra norsk versus engelsk. Eg tenkjer at ein kan gjera det same for nynorsken i nynorske område.

Bjørhusdal meiner opplæringsstyresmaktene har mykje å henta frå korleis ein behandlar samisk. Samiske elevar har rett på samisk undervising gjennom heile grunnskulen, medan elevar som norsk som hovudmål har berre rett til dette gjennom barneskulen.

– Nynorske ungdomsskuleelevar må kunne forventa at nynorsk er undervisningsspråk. Jamvel i min sognakommune, med i praksis 100 prosent nynorsk i grunnskulen, skriv fleire av ungdomsskulelærarane berre bokmål på tavla. Ut frå ein språksikringsargumentasjon kan ein tenkja seg reguleringar som inneber at nynorskelevar på ungdomssteget alltid har rett til opplæring i og undervisning på nynorsk som fyrstespråk, medan bokmålselevar ikkje har same retten.

I dag er det òg fritt fram for elevane å velja målform sjølv.

– Utifrå tanken om at nynorsk er ein kollektiv verdi det er viktig å ta vare på, er det lurt at ein 14-åringen sjølv får bestemma målforma si? spør Eli Bjørhusdal.

Fransk språksikring
Høgskulelektoren viser til Québec, den kanadiske delstaten som i realiteten har fått svært vide rammer av kanadiske styresmakter for å ta vare på den franske språkminoriteten. I Québec finst fransk og engelsk side om side, også i skuleverket, men ein elev kan ikkje velja fritt om ho vil ha fransk eller engelsk som førstespråk i skulen.

For å få lov til å velja engelsk, må eleven ha foreldre med ein viss engelskspråkleg bakgrunn. Dette blei innført rundt 1980 som ein reaksjon på at fleire og fleire franskspråklege familiar tiåra før valde engelsk i staden for fransk for ungane sine – fordi dei tykte engelsk var meir nyttig for ungane.

– Québec har prøvd å møta språkskiftet frå fransk til engelsk med ein type offentlege reguleringar me ikkje kjenner frå Noreg, seier Eli Bjørhusdal.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...