Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er blitt informert om Stortingsmelding om ny lærerutdanning gjennom pressemelding publisert 06.02.09 og nettutgåve av meldinga på regjeringa sine heimesider.
LNK deler statsrådane sine mål om at ei meir spesialisert utdanning skal føre til auka interesse for og rekruttering til lærarutdanninga. Vi sluttar oss også til ønska om å utvikle ei lærarutdanning der studentane får betre individuell oppfølging, og der kunnskap, motivasjon, engasjement og kvalitet ikkje berre er honnørord, men harde realitetar og reelle mål. Det er såleis mange gode grunnar til å rose meldinga.
Vi sluttar oss altså til at allmennlærarutdanninga blir tatt bort og at ein i staden opprettar to hovudretningar som er retta mot undervisning på ulike årssteg (1-7 og 5-10). Vi er likevel svært skeptiske til å gjere opplæringa i norsk valfri for lærarstudentar som tek utdanning for å undervise dei eldste elevane i grunnskulen. Norskfaget ber i seg mange disiplinar, fagområde og sjangrar som kanskje ikkje er nødvendig kunnskap for lærarar i andre fag enn norsk, men som kommunikasjonsreiskap blir norsk skriftleg berre viktigare og viktigare, ikkje minst med stadig meir bruk av IKT i kommunikasjonen med elevar, foreldre, kollegaer og lokalsamfunn. Opplæring i klårt og enkelt språk i dei sjangrane som er mest brukte i skulekvardagen (meldingar, presentasjonar, prøver, repetisjonsoppgåver osb.) bør difor vere ein del av opplæringa for alle lærarar i tillegg til grunnleggjande rettskriving (ortografi og grammatikk) og fagterminologi. Og sjølvsagt skal denne opplæringa ha som mål at alle studentar som har stått til lærarprøva, kan skrive tilnærma like godt nynorsk og bokmål når dei går ut i arbeidslivet.
Korleis kan så dette gjerast reint praktisk? Styret i LNK har som førsteprioritet at lærarutdanninga blir forlenga og at norskopplæringa får eit omfang på minst 30 studiepoeng. Dersom dette ikkje lar seg gjennomføre på kort sikt, kan departementet vurdere å ta ut 5 eller 10 studiepoeng frå kvar av dei tre fagstudia og opprette ei norskopplæring på 15 eller 30 studiepoeng som går over tre år. Alternativt kan norskopplæringa integrerast i fagstudiet som eit eige emne der hovudelementa er undervisningsspråk og fagterminologi på begge målformene.
Kvifor engasjerer så styret i LNK seg så sterkt i denne saka? Kort sagt fordi vi ønskjer dei beste lærarane, og fordi alle lærarar i ein viss forstand er norsklærarar. Det å vere sikker i skriftleg framstiling er grunnleggjande viktig for ein lærar. Det gjer læraren trygg på seg sjølv, og han/ho blir sett på med respekt av elevane. Sett på spissen kan ein lærar som er god i faget sitt, men usikker i fagterminologi og rettskriving rive ned mykje av det lærarane på dei første årsstega har bygt opp blant somme elevar, medan andre (dei flinkaste) ler av feil som blir gjort i skriftlege framstillingar. Vi meiner difor at alle som tek profesjonsutdanning for grunnskulen har krav på ei norskopplæring som gjer dei trygge og kompetente til å undervise kvar det skal vere i landet vårt. Utan ei slik opplæring kan mange lærarar få problem. Det kan også elevar og skular få, og sannsynet for at nynorskskulane får dei største problema, er absolutt til stades.
Til slutt vil vi peike på at framlegget om profesjonsutdanning for delar av grunnskulen utan norskopplæring etter vårt syn vil bryte mykje med dei gode tankane om språk, språkjamstelling, språkdyrking og språkutvikling som sitjande regjering har felt ned i dei to framifrå stortingsmeldingane, St. meld. nr. 23 (2007-2008) Språk bygger broer og St. meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Vi håpar difor at departementet merkar seg synspunkta våre, og vi står gjerne til rådvelde dersom statsrådane ønskjer ein dialog med oss.