Heim Nyhende Fråverande måldebatt i Sel

Fråverande måldebatt i Sel

12. mars skal Sel kommune i Gudbrandsdalen ha rådgjevande folkerøysting om målform ved Otta skole. Nesten ingen møtte på eit ope møte om folkerøysting og målform på skulen i går.

Åtte personar, i hovudsak tilsette og politikarar i Sel kommune, kom på folkemøtet, melder Gudbrandsdølen Dagningen.

Lokalavisa skriv vidare at leiaren i foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Otta skole, Irene Viken, sa rett ut at ho ikkje hadde merka noko engasjement i det heile rundt denne saka. Ho var ikkje FAU-leiar i fjor då saka blei tatt opp på politisk hald fordi det sterkt minkande talet på nynorskelevar, heilt ned i fem-seks elevar, skapte problem med å få til store nok klassar ved skulen.

Kommunalsjef Kari Hølmo Holen og pedagogisk leiar Bente Krogseter hadde trudd det kom fleire enn det gjorde på folkemøtet.  Ordførar Dag Erik Pryhn sa at låg oppslutning i seg sjølv var eit signal politikarane måtte ta omsyn til. Dei ønskte seg elles tydelege signal ved folkerøystinga 12. mars og at folk møtte opp sa frå kva dei meinte.

Då det vart røysta om målform ved skulen i 1972 var oppmøteprosenten 40 med overvekt av bokmålsrøyster. 182 ville ha bokmål medan 144 ville ha nynorsk. Det var ikkje nok for politikarane til å skifte ut nynorsken den gongen.

Otta skole er ein av fire skular i Sel kommune og skulen ligg i kommunesenteret Otta. Skulen har rundt 300 elevar fordelte på 1. til 7. klasse. Her kan du lese meir om den rådgjevande folkerøystinga i Sel. Sel kommune er nøytral i val av målform.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...