Heim Nyhende Klarspråksprisen til pensjonskassa

Klarspråksprisen til pensjonskassa

Statens pensjonskasse (SPK) får Klarspråksprisen 2011 for arbeidet dei har lagt ned for å gjere den kompliserte bodskapen dei formidlar til nesten ein million brukarar lettare forståeleg.

– Det er eit demokratisk problem dersom informasjon ikkje når fram til alle det gjeld, seier administrerande direktør Finn Melbø i SPK.

Klarspråksprisen blei delt ut på Klarspråkskonferansen, ei samling i regi av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), prosjektet Klart språk i staten og Språkrådet.

Dame og Mann– Det er tredje gongen prisen blir delt ut, og juryen ser at det har vore ein generell framgang på desse åra. Kandidatane held jamt over høgare nivå, kvaliteten på klarspråksarbeidet stig og konkurransen blir skarpare, sa fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud då ho delte ut prisen. – Statsorganet har utført eit gjennomgripande arbeid og gjort ein stor innsats for å endre bedriftskulturen.

Administrerande direktør Finn Melbø og kommunikasjonsdirektør Onar Aanestad tok imot prisen på vegner av Statens pensjonskasse.

– Denne prisen er vi veldig glade for å få. Hos oss er god kommunikasjon eit felles ansvar og ein del av faget vårt, uansett kva fagområde vi tilhøyrer, sa Finn Melbø. – Å få denne prisen fortel oss at vi er på rett veg. Men vi er ikkje i mål. Det er ikkje muleg å kome i mål med språkarbeid.

Utdelinga av Klarspråksprisen er ein del av arbeidet Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjer for å fremme og styrkje klarspråksarbeidet i staten. Alle statlege forvaltningsorgan og helseføretak som har gjort ein ekstraordinær innsats med å gjere tekstar på papir og på nett tilgjengelege og forståelege for brukarane, kan vere kandidatar til prisen.

I juryen for Klarspråksprisen sit Kjell Lars Berge (leiar), Gunn Ovesen, Ola Breivega og Ragnfrid Trohaug.

I år har juryen vurdert følgjande kandidatar til prisen: Statens vegvesen, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Helseøkonomiforvaltninga (HELFO), Statens kartverk, Statens pensjonskasse (SPK) og Utdanningsdirektoratet.

Frå grunngjevinga til juryen: «Vinnaren i år har arbeidd med klarspråk i lang tid og klart å halde engasjementet oppe. Arbeidet er blitt ein naturleg del av organisasjonsutviklinga, og klart språk er blitt ein del av faget, uavhengig av fagområde. Statsorganet har utført eit gjennomgripande arbeid og gjort ein stor innsats for å endre bedriftskulturen. Det har heva språkkompetansen på alle nivå i organisasjonen og lagt stor vekt på brukartesting. Dette arbeidet har gitt gode resultat og høg språkleg kvalitet på begge dei norske målformene så vel som på andre språk».

Les resten av grunngjevinga på Språkrådet sine sider.

SPK har også lagt ned arbeid på andre område enn dei reint språklege. Før jul blei nettstaden deira kåra til Årets offentlege nettstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...