Heim Nyhende Friskt om kjærleik i festspel-opning

Friskt om kjærleik i festspel-opning


Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad, snakka om kjærleik mellom Fritjov Nansen og kona, kjærleik mellom menneske av same kjønn og mellommenneskeleg kjærleik uansett kor ein kjem frå og kva hudfarge ein har under opningstala for dei 20. nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

– Kjærleiken går som ein raud tråd gjennom årets festivalprogram, og ein betre dag for å opne Dei nynorske festspela finst vel ikkje. Ingen dag er meir knytt til kjærleiken enn Jonsokaftan, slo teatersjefen fast.

Han held vidare fram med å fortelje om andre kjærleikshistorier knytta til Jonsokaftan. Han nemnde mellom anna Shakespeare sin «Ein midsommernattsdraum», tradisjonen med jonsokbrudepar og kjærleiken mellom to menneske av same kjønn. Ei form for kjærleik som var forboden ved lov heilt fram til 1972.

– Tru det eller ei, det var natt til Jonsokaftan i 1977 at Kim Friele, den viktigaste homopolitiske talskvinna i Noreg, følgde sin store kjærleik, Wenche Lowsow, heim for første gong, begge to gryande forelska i kvarandre. Takk og pris for at dei finst, dei som torer å stå fram og vise veg, slo teatersjefen fast medan grå bålrøyk steig opp mot den regntunge himmelen på andre sida av Hovdebygda.

Under opningshøgtida fekk festspeldeltakarane også høyre festspeldiktar Bjørn Sortland lese ein nyskriven tekst, Lars Bremnes song om hurtigruta, unge deltakararar på Sortland sitt skrivekurs las eigne tekstar og bloggar Linda Sæbø mottok prisen som årets nynorskbrukar av styreleiar i Norsk kultursentrum, Reidar Sandal.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...