Heim Nyhende Glad for nye tonar frå Kleppa

Glad for nye tonar frå Kleppa

Bruk av offentleg privat samarbeid (OPS-modellen), vil gjera det lettare å nå måla i Nasjonal transportplan, meiner konsernsjef Terje R. Venold i Veidekke.

Han er glad for signala frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) måndag om at ho ønskjer forslag frå næringslivet om investeringar i bygging av veg og jernbane.

Ønskjer meir OPS

I Noreg blir bygging av veg og jernbane hovudsakleg finansiert gjennom offentlege løyvingar og bompengar, men Kleppa er open for å diskutere såkalla offentleg privat samarbeid (OPS).

– Det er utruleg positivt. Eg trur OPS er instrumentet som vil gjera det mogleg å nå måla i Nasjonal transportplan, seier Venold til NTB.

Hans ønske er at regjeringa opnar for OPS også når det gjeld bygging av offentlege bygningar i tillegg til vegar, melder Nynorsk Pressekontor.

Fått meir ansvar

Også Kommunenes Sentralforbund ønskjer å finne nye metodar for vegfinansiering.

– Det er udelt positivt at samferdsleministeren no opnar for fleire finansieringsmulegheiter, seier KS-direktør for interessepolitikk, Helge Eide til NTB/Kommunal Rapport.no.

Han peiker på at fylka og kommunane har overtatt ansvaret for fleire vegar frå staten,  og seier at Jernbaneverket, Statens vegvesen og fylka og regionane må få større fridom når dei skal løyse oppgåvene knytte til veg og jernbane.

– Investeringar må kunne finansierast ved ein kombinasjon av eigne midlar og naudsynte låneopptak, seier Eide, som tar til orde for ordningar kor staten låner ut pengar til slike investeringar samstundes som vegeigarane kan hente inn midlar frå marknaden.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Programmet til landstinget til LNK i Sogndal 1.-2. juni 2023

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Sogndal 1.-2. juni på Quality Hotel Sogndal. Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein...

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...