Heim Nyhende Lagar nynorskpakke til skulen

Lagar nynorskpakke til skulen

Korleis kan eg bidra til nynorsken, tenkte designstudent Grete Haukelid (28). Svaret blei å lage ei masteroppgåve som kan gjere nynorskundervisninga meir levande og engasjerande.

– Eg har laga oppgåver kor elevane kan lage sine eigne teikneseriar eller mekke eigne nynorskord, fortel Grete Haukelid. Prosjektet heiter Dreis, og ppgåvene går under overskrifter som «Har du dreis på nynorsk?». Opplegget er testa ut på både elevar og lærarar.

Nynorskpakken skal gi idear og praktiske oppgåver til skular kor nynorsk er sidemålet. – Eg synest sidemålsundervisninga byrjar alt for seint i norske skular, seier Haukelid til LNK-avisa. – Derfor har eg vald å lage ei undervisningspakke for elevar i mellomtrinnet.

Venesælt

Haukelid skal presentere oppgåva si ved kunsthøgskolen i Bergen i slutten av april, og i første rekkje er det den visuelle profilen på undervisningspakken som er hovudsaken. Men Haukelid har og eit ønske om å kunne bidra til å gje sidemålsundervinsinga eit løft.

Nyleg var ho på Bjørndalskogen skole i Bergen og samarbeidde med elevane der. Bilde og oppgåver derfrå har ho lagt ut på bloggen «Nynorsk er venesælt». Bloggen og kontakten med målgruppa har vore ein viktig i jobben med å utvikle nynorskpakken.

– Eg er ikkje pedagog, men eg er oppteken av pedagogikk, seier Haukelid.

Litt avleggs

Designstudenten kjem opprinneleg frå Forsand i Rogaland, ein kommune planta i ein region kor nynorsken står sterkt. Men då ho byrja på vidaregåande skule i Stavanger opplevde ho at målforma vart meir fråverande.

– Eg var den einaste i kullet mitt som hadde nynorsk som hovudmål og måtte ofte vere med og hjelpe medelevane mine med oppgåvene deira. Eg har vel opplevd sjølv at måten nynorsk blir presentert på kan verke litt avleggs og gammeldags.

Meir enn stabbur og bunad

– I oppstarten av prosjektet sendte eg ein epost til ulike kommunar og skular kor eg bad dei sende meg nokre ord om kva dei assosierer med «nynorsk». Ikkje overraskande fekk eg mange svar av typen bunad, rosemåling og stabbur, seier Grete Haukelid og ler. – No har eg prøvd å vise at nynorsken er så mykje meir enn det.

Samstundes meiner ho det er rett å ta inn over seg at det er noko eige ved det nynorske språket.

– Er det ikkje det som er styrken til nynorsken, at det er noko særeige, ikkje superkommersielt?

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...