Heim Nyhende Gradvis nynorskovergang

Gradvis nynorskovergang

Berre 39 av 113 nynorskkommunar gjev vaksne innvandrarar opplæring i nynorsk. I Gloppen gjekk overgangen til nynorsk gradvis.

 

 

– God morgon! Kjekt å sjå deg. Korleis har du det?

– Eg har det bra, takk. Korleis har du det?

Det er morgon i eitt av klasseromma på Gloppen opplæringssenter. Det er fyrste time denne dagen, og den aller nyaste innføringsklassa på Sandane øver på hallofrasar. Dei kom nye til Noreg etter påske og kvar dag møtest dei for å lære norsk.

Lærar Anne Kristin Myklebust har fått alle fram på golvet, og no står dei og helsar på kvarandre etter tur. Deretter står dei to og to, og øver på setningane.

– Vi lærer nynorsk, fortel Anne Kristin Myklebust, då ho skal forklare kvifor Norsk Tidend er med i klasserommet denne morgonen.

– Og det er bra, legg ho smilande til.

Gloppen er eitt av 33 opplæringssenter som lærer dei vaksne innvandrarane nynorsk. Borna som går på barneskulen, lærer sjølvsagt nynorsk, medan det slett ikkje har vore sjølvsagt at dei vaksne innvandrarane har lært å lese og skrive nynorsk.

LES OGSÅ: Noregs Mållag satsar på NyNorsk for innvandrarar

Lære klokka
Etter at morgonfrasane er gjorde unna, er det tid for å ta ei økt med å øve på klokka. Alle dei seks elevane set seg. Dei er alle på spor 1 og på nivå 1. Det vil seie at dei er heilt ferske med å lære norsk.

– I denne fasen er det veldig mykje munnleg opplæring, og det er viktig å snakke sjølv og lære å seie setningane sjølv, seier Anne Kristin.

Ho deler ut ein bunke lappar kvar, og så går dei gjennom ulike seiemåtar knytte til klokka.

– Kva er klokka når ho er kvart over tre, spør Anne Kristin. Og då gjeld det å finne lappen der visarane står slik at klokka er kvart over tre.

– Veldig bra, seier ho, eg tykkjer de har blitt veldig gode.

LES OGSÅ: Nynorsk for nye norske

Læremiddel
Anne Kristin Myklebust likar å variere litt korleis dei arbeider, så no set ho dei i gang med ei ny øving. Denne gongen skal alle ut att på golvet, og har igjen fått utdelt kvar sin bunke med lappar med mange ulike bilete av vanlege ting rundt oss.

– Kva har du?

– Eg har ein bil og ein buss.

Og igjen ei ny øving:

– Har du eit hus?

– Nei, eg har ikkje eit hus. Eg har eit glas.

Heile gruppa seier noko, og somme har betre uttale enn andre, men det er svært stor vilje til å repetere, øve og lære.

– Lenge var det for lite læremiddel, men eg meiner at det no er så mykje læremiddel ein kan ta i bruk, at mangel på læremiddel ikkje er eit argument for ikkje å gå over til nynorsk, seier Anne Kristin Myklebust.

LES OGSÅ: Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk

Lære av kvarandre
Ho peikar på at dei fleste opplæringssentera har nokre økonomiske midlar til å kjøpe inn nye læremiddel kvart år. Og når opplæringssenter skal gå over til nynorsk, byrjar ein med å kjøpe nynorskbøker til dei aller nyaste klassene. Medan dei som alt har bokmål, fullfører opplæringa på bokmål.

– Det var slik vi gjorde det då Gloppen gjekk over til nynorsk, seier ho. Ho fortel at dei har noko kontakt med andre opplæringssenter som brukar nynorsk, og tek gjerne i mot besøk frå opplæringssenter som vil gå over til å bruke nynorsk.

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...