Heim Nyhende Skal forska på kvifor unge dumpar nynorsken

Skal forska på kvifor unge dumpar nynorsken

Skulesjefen i Fjell er uroa for nynorsken. No skal forskarar ved Universitetet i Bergen finne løysingar.

 

To av fem elevar i Fjell kommune har nynorsk på barneskulen. På ungdomsskulen søkk talet til éin av fire. No tek kommunen grep.

Flest nynorskskular
Universitetet i Bergen og Fjell kommune har fått 255.000 kroner til prosjektet som har fått arbeidstittelen «Stolt av eige språk».

Prosjektet har som målsetting å undersøkja kvifor elevar byter hovudmål frå nynorsk til bokmål i overgangen frå barneskule til ungdomsskule.

Prosjektet er det einaste nynorsktiltaket som fekk pengar då Kulturdepartementet i førre veke delte ut 3,9 millionar til ulike språktiltak.

Kommunen har om lag 3.200 elevar i grunnskulen. Av dei tretten barneskulane har berre fire bokmål som administrasjonsspråk, men fleire har språkdelte klassar.

Dersom foreldra til meir enn ti elevar i eit barneskuletrinn vel ei anna målform enn resten, har dei rett på ein eigen klasse.

På ungdomsskulen kan elevane sjølv velja målform, men har berre rett på opplæringsmateriell på si eiga målform.

LES OGSÅ: Jublar over framleis språkdelt skule

Uroa skulesjef
Både tilflytting frå bokmålsbyen Bergen og arbeidsinnvandring er med på å auka bokmålsdelen i vestlandskommunen.

– Det er ikkje tvil om at det er grunnlag for å vere bekymra for nynorsken si framtid i Fjell. Denne utviklinga har gått føre seg heilt sidan innflyttinga byrja etter brua kom på 70-talet. Me har sett det gå føre seg i mange år, og det har auka på utover. No er det på tide å setja foten litt ned og sjå kva me kan bidra med for å stogga det, fortel skulesjef Wilhelm Anglevik (bildet) på telefon til Framtida.no.

Kommunen tok difor kontakt med Universitetet i Bergen for å få til eit samarbeid. Til neste år skal Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier starta opp forskingsprosjektet.

Fjell, som i 2011 kunne smykka seg med tittelen Årets nynorskkommune, håpar dette kan hjelpa dei å få oversikt over årsakene målbyte og vere til hjelp i arbeidet med ei liste over kva tiltak som kan setjast i verk for å få elevane til å halda på det nynorske hovudmålet.

LES OGSÅ: Skulen gjer for lite for å hindra målbyte

– Manglar kunnskap
Leiar for lektorutdanninga ved Universitetet i Bergen, Endre Brunstad, rosar initiativet frå kommunen.

Professoren meiner det ikkje er tvil om at nynorsken er pressa i Fjell.

– Det trengs språkstyrkingstiltak, spørsmål er kva tiltak. Det vil me sjå på. Det handlar om vilkår og spelerom for nynorsken blant unge nynorskbrukarar. Det er lett å sjå at det er ein overgang. Me vil sjå på kva som pregar overgangen. Er overgangen evig eller for ein kort periode?  spør Brunstad.

Vidare vil prosjektet sjå på språkveksling og faktisk språkbruk blant ungdomsskuleelevar. Kva tid og kva tekstar skriv dei på nynorsk, bokmål eller dialekt?

Brunstad tykkjer utviklinga for nynorsken i området rundt Bergen er eit felt det er behov for meir kunnskap om.

LES OGSÅ: Éin av fem blir oppmoda til målbyte

Unngå presset
På sikt kan prosjektet i Fjell verte ein del av ei større satsing på vilkåra for nynorskbrukarar, samt spelerommet for nynorsk blant unge språkbrukarar i nynorske brytningsområde.

– Dette er eit språkstyrkingsprosjekt. I staden for elendeforsking kan me sjå på kva tiltak som kan gjerast. Målet er ikkje å finne ut meir om alt det vonde i verda. Men dersom det er eit sosialt press som verkar negativt for nynorsken, kan me sjå på korleis unngå det presset, avsluttar Brunstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...