Heim Nyhende Ho veit kva vi snakkar om

Ho veit kva vi snakkar om

Korleis kjennest det eigentleg å ha nokon i vrangstrupen? I ei ny språkbok set Kristin Fridtun fingeren på alt det rare vi seier.

 

– Eg er ikkje redd for å tulle med ord, vri og vrengje litt, seier Kristin Fridtun.

Det viser ho tydeleg i «Norsk etymologisk oppkok – du veit ikkje kva du snakkar om», der ho sprettar opp vanlege ord og syner på leikent vis fram løyndommar som ligg i uttrykksmåtane vi brukar dagleg.

– Det er veldig artig å sjå føre seg korleis det eigentleg ser ut når nokon snakkar i munnen på kvarandre, seier forfattaren.

Men Kristin Fridtun har plass til meir enn rare språklege bilete i boka, for med master i norrøn filologi flettar ho også inn fagfeltet sitt og byr på finurleg ordhistorie. Mykje av råmaterialet til tekstene er i tillegg henta frå språkspalta ho har skrive i Dag og Tid dei tre siste åra.

Logiske løyndommar

Målet med boka er å få folk til å gruble litt og undre seg over alle dei tilsynelatande vanlege orda vi brukar. Det har Kristin Fridtun gjort mykje av sjølv.

– Eg blir stadig overraska når eg oppdagar kva orda eigentleg betyr, samtidig som tydinga ofte er heilt logisk, seier ho og gir eit døme:

– Fantasi kjem frå gresk og betyr å gjere synleg – og det er jo akkurat det vi gjer når vi fantaserer – vi gjer noko synleg inne i hugen. Vi har forresten eit norsk ord for fantasi – hugsyn. Det står til og med i ordboka til Ivar Aasen.

Opphavet

Ved å snirkle seg tilbake til opphavet, vil Kristin Fridtun finne ut kva orda har betydd tidlegare. Sjølv er ho oppteken av å ta ordet snill tilbake til røtene.

– Snill har no ei litt negativ tilleggstyding, det blir ofte brukt om folk vi meiner er spake, ettergivande og kanskje keisam. Men opphavleg betyr snill klok og dugande.

Den nyklekte forfattaren håpar at folk ikkje trur dei må kunne mykje om språk for å lese boka.

– Eg har ikkje skrive ei lærebok om rett språk, men trur likevel folk kan lære litt av det eg skriv.

Aasen-inspirasjon

Kristin Fridtun er oppvaksen på Elverum og fram til ho blei student i Trondheim skreiv ho bokmål. Men då ho i eit føredrag frå Mållaget høyrde om korleis Ivar Aasen arbeidde, blei ho overtydd om at det var nynorsk ho skulle bruke.

– Eg vart gripen av ynsket om å gi folk eit skriftmål dei kjenner seg heime i, og djupt imponert over måten han gjennomførte dette prosjektet på; kor omhugsamt han granska målføra og sette saman eit regelrett og fullgildt mål som femnde dei alle saman. Ingen kunne gjort det betre enn Ivar Aasen.

Ordkjelda kroppen

Biletlege seiemåtar knytt til kroppsdelane våre frå topp til tå får mykje plass i boka. For kva gjer vi eigentleg når vi legg hovudet i bløyt, er openhjarta, gir ei hjelpande hand, eller trakkar nokon på tærne?

– Veldig mykje i språket tek utgangspunkt i kroppen. Berre tenk på ord som fjellrygg, tannhjul og fjordarm, seier Fridtun.

Ho trur folk flest til ei viss grad tenkjer over dei biletlege uttrykka dei brukar, men ikkje alltid.

– Det ville bli veldig slitsamt dersom vi heile tida skulle tenkje over kva vi seier.

Likevel synest Kristin Fridtun at mange burde vere meir merksame på frasar som blir brukt i utrengsmål.

– Somme skyt inn uttrykket «det er klart at …» framfor kvar einaste setning. Det underlege er at dei som seier «det er klart at» i tide og utide, ofte ordlegg seg svært uklart. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...