Heim Nyhende Høgre foreslår å fjerna sidemålskarakteren

Høgre foreslår å fjerna sidemålskarakteren

Kunnskapsministeren kallar målet om at alle skal bli skriveføre i både nynorsk og bokmål «ein utopi».

I sitt forslag til partiprogram for 2017 foreslår Høgre å erstatta ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring med éin felles norskkarakter.

Programmet som vart lagt fram i dag skal behandlast på Høgre sitt landsmøte i mars.

Skuffa over kunnskapspartiet
Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, er ikkje overraska over forslaget frå Høgre.

– Me meiner at ein felleskarakter ikkje vil sikra at ein brukar nok tid på både nynorsk og bokmål. Det er riktig at sidemålsordninga ikkje er optimal, men då er ikkje løysinga å gjere ho dårlegare og mindre betydeleg. På alle andre område der det er for dårleg kompetanse svarar Høgre med styrking, men her er det motsett. Det er for dårleg at kunnskapspartiet Høgre vel ei løysing som gjev mindre kunnskap og i praksis vil føra at ein ikkje prioriterer sidemål, seier ho på telefon til Framtida.no.

Leiar i Elevorganisasjonen, Sylvia Lind, seier til NRK.no at dei synest at det er ein kjempegod idé med éin karakter i skriftleg norsk.

– Elevorganisasjonen ønskjer i tillegg å starta sidemålsundervisninga tidlegare i skuleløpet for å heva kvaliteten og sikra at alle lærer sidemål sjølv om det vert éin karakter i skriftleg norsk, skriv Lind i ein SMS til Framtida.no. 

LES OGSÅ: Jublar for fleirtal for sidemå i KrFU

Fryktar nedprioritering
Målungdomsleiaren fryktar på si side at ei slik ordning vil usynleggjera nynorsken og undergrave den språklege jamstillinga, fordi elevane som har nynorsk som hovudmål i mindre grad vil få høve til å møta målforma si.

I programutkastet skriv Høgre at dei vil bruka tekstar på både nynorsk og bokmål i heile skuleløpet.

Dette er Sætre er positiv til, men meiner det ikkje veg opp for karakteren i sidemål.

– I dag fungerer den norske skulen slik at ein prioriterer det som blir målt. Fjernar ein karakteren og eksamen i sidemål, vil det bli prioritert lågare, seier Sætre.

LES OGSÅ: Unge Venstre vil halda på eigen karakter i sidemål

Kunnskapsministeren svarar
– Korleis skal ein sikra at sidemål blir prioritert i undervisninga om det ikkje blir målt med ein eigen karakter, Torbjørn Røe Isaksen?

– Det me føreslår, er ei forskyving bort frå skriftleg sidemålsundervisning til heller å vektleggje litteratur og språkforståing, særleg i vidaregåande. Men det skal framleis vere læreplanmål om sidemål, som du også kan testast i på eksamen, seier kunnskapsminister og leiar for programkomiteen i Høgre, Torbjørn Røe Isaksen på telefon til Framtida.no.

– Så det skal ikkje vere eit mål at alle skal lære å skrive på sidemålet sitt?

– I grunnskulen må det framleis vere skriftleg undervisning i sidemål. Men målet om at alle elevar skal vere skriveføre i både nynorsk og bokmål har eigentleg aldri vore noko anna enn ein utopi, seier kunnskapsministeren.

Han kjem med ei utfordring tilbake til målrørsla:

– Er det sikkert at det er lurt å låse seg så sterkt til verkemiddelet sidemålsundervisning? Eller kan det henda at ved å bruka begge målformene i heile utdanningsløpet, men tona ned den skriftlege undervisninga, så vil det bli lettare å nå målet om språkglede for elevane?

Les meir om sidemålsdebatten her!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...