Heim Nyhende Høgre-komité vil fastslå tvangssamanslåing

Høgre-komité vil fastslå tvangssamanslåing

Programkomiteen til Høgre vil fastslå at det er Stortinget, ikkje lokalsamfunna, som bestemmer om kommunar skal slåast saman.

Per i dag har ikkje partiet noko om kven som til slutt bestemmer om kommunereform i programmet sitt, men i forslaget til nytt partiprogram blir punktet om kommunesamanslåing skjerpa, skriv Dagens Næringsliv.

Programkomiteen vil legge fram at «Høgre meiner Stortinget har eit overordna ansvar for å sikre at Noreg har ein hensiktsmessig forvaltningsstruktur og i siste instans må avgjere størrelse, og talet på kommunar og regionar».

Leiar i programkomiteen til Høgre Torbjørn Røe Isaksen seier at reforma må fortsette, og at den ikkje er ferdig med 50 færre kommunar.

– Om nødvendig må Stortinget gjere vedtak om å slå saman kommunar, seier han til avisa.

Arbeidarpartiets Helga Pedersen hevdar Høgre med dette erkjenner at dei ikkje har oppnådd dei resultata som regjeringa ønskte.

– No verkar det klart at Høgre vil innføre tvang for å oppnå alle dei kommunesamanslåingane partiet eigentleg ønskjer seg. Dette står i sterk kontrast til kva Stortinget og kva fagstatsråden sjølv har sagt, nemleg at kommunereforma skal baserast på fri vilje, seier ho. (©NTB) (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...