Heim Nyhende Høgskulen i Sogndal skal skriva fylkessoge

Høgskulen i Sogndal skal skriva fylkessoge

Høgskulen i Sogn og Fjordane får oppdraget med å skriva historia til fylket.

– Eg trur fylkessoga vil vera med å stadfesta identiteten vår her i fylket. Det er viktig å dokumentera og systematisera mangfaldet av aktivitet som fylket har bidrege med gjennom mange generasjonar. Samtidig er eg oppteken av at soga skal vera eit viktig kjeldemateriale til inspirasjon for komande generasjonar, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes til nettsida for høgskulen.

Saman med rektor Åse Løkeland signerte ho fredag avtalen om oppdraget. I avtalen blir det lagt opp til at manuset skal vera ferdig til 1. juni 2015. Planen er at verket skal publiserast i fire band på til saman rundt 1.200 sider. Fylkestinget har tidlegare løyvt åtte millionar til arbeidet.

Rektor Åse Løkeland meiner prosjektet er ei anerkjenning av historikarmiljøet ved høgskulen. Samtidig meiner ho oppdraget gjer det mogleg å styrkja det faglege miljøet ved å samarbeida med andre. I arbeidet med fylkessoga vil Høgskulen i Sogn og Fjordane mellom anna få hjelp frå Høgskulen i Volda og NTNU i Trondheim. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....