Heim Nyhende Hyllar Olaug Nilssen som dramatikar

Hyllar Olaug Nilssen som dramatikar

– Det er ikkje tilfeldig at det var Olaug Nilssen som fekk i oppdrag å skriva tingingsverket når det Det Norske Teatret fyller 100 år, meiner regissør Marit Moum Aune. Både ho og skodespelarane er fulle av lovord om framsyninga «Stort og stygt».

 

– Vi kan ikkje berre sjå røyndommen gjennom Shakespeare, difor treng vi samtidsforfattarar. Forfattarane er nokre av dei viktigaste kunstnarane vi har, seier Marit Moum Aune.

Ho har tidlegare regissert fleire framsyningar av Olaug Nilssen med stor suksess, og meiner Nilssen er ein av dei som greier å ta pulsen på samfunnet vårt og gjera kvardagen til kunst.

– Det blir veldig fort slik at kunst imiterer kunst. Slik er det ikkje med Olaug. Motiva hennar kjem frå kvardagen og frå livet.

Skråblikk på småbarnslivet
Framsyninga «Stort og stygt», som har premiere 2. mars, handlar om to nabopar. Det eine paret har eitt barn på snart tre år og lever eit hektisk kvardagsliv, men småbarnstida blir ikkje heilt slik dei hadde venta. Barnet deira har autisme og er svært uroleg.

Det andre paret ventar det første barnet sitt. Svangerskapet har gått fint. Dei har følgt oppskrifta på alt som skal gjerast og har klare meiningar om korleis naboparet bør utføra foreldrerolla si.

– Viktig åtvaring
Regissøren meiner framsyninga er ei åtvaring mot å skapa for urealistiske forventningar til livet.

– Vi må passa på så samfunnet vårt ikkje blir ein draumefabrikk. Ein stad der vi har forventingar som livet nokre gonger ikkje maktar å innfri.

Ho meiner vi har skapt oss ei oppfatning om at alt skal vera vellykka, livet skal gå på skjener, og ungane skal vera ei stadfesting på vår eigen suksess.

– Men spedbarnstida blir ikkje alltid slik folk hadde venta. Då kan folk fort få livet i trynet, seier Aune.

Ho meiner Olaug Nilssen tek opp viktige tema som er aktuelt for alle.

– Når folk får barn og familie har det alltid reist store spørsmål: Kven er eg oppi alt dette? Kven er barnet? Kva er kjærleiken? Det har vore tema i tusenvis av år. «Stort og stygt» er den moderne historia om dette.


Politisk brodd
Framsyninga viser også kor sårbare vi er om vi ikkje har ein familie som kan stilla opp. Mora i «kaosfamilien» er gravid med barn nummer to og har basert seg på hjelp frå mor si når ho kjem heim frå klinikken. Då ho får vita at mora blir borte eit heilt år, rasar heile nettverket hennar saman.

– Det seier noko om barselomsorga vi har i Noreg. Du blir send heim med ein gong. Ingen hjelper deg. Samtidig har vi lange svangerskapspermisjonar, så det er mykje å vera glad for. Men svært mykje føreset at det går som det skal. Gjer det ikkje det, er det ikkje lett, seier Marit Moum Aune, som håpar framsyninga skal skapa debatt.

I omtalen blir det også trekt fram at stykket er eit dagsaktuelt innlegg i debatten om tidleg ultralyd eller ikkje. Då paret som har det autistiske barnet blir gravide på nytt, er dette eitt av spørsmåla som melder seg. Etter ei av framsyningane inviterer teatret publikum til diskusjon om kva som er «normalt», og kven som bestemmer kva som er innanfor det normale.

Latter og gråt
Både regissøren og skodespelarane har store forventingar til å visa fram det ferdige resultatet.

– Eg håpar framsyninga skal vekkja både latter og gråt, seier Marit Moum Aune. For sjølv om det er alvorlege tema som blir tekne opp, blir stykket karakterisert som ein komedie med mykje satirisk og lattervekkjande humor som er lett å kjenna seg att i.

Også skodespelarane Ellen Dorit Petersen og Charlotte Frogner, som spelar dei to kvinnelege hovudrollene, er begeistra for kvardagsdramatikken til Olaug Nilssen.

– Eg likar svært godt å arbeida med universet til Olaug Nilsen og synest ho skriv fantastiske dialogar, seier Charlotte Frogner, som også hadde ei av hovudrollene i teaterversjonen av «Få meg på for faen».

Å arbeida med «Stort og stygt» har også gjort sterkt inntrykk på Ellen Dorit Petersen.

– Eg brukar aldri å masa på vennene mine om at dei skal koma på teatret, men denne gongen har eg faktisk skrive det på Facebook-profilen min, for det er både eit morosamt, sårt og eit ekstremt allmenngyldig teaterstykke. (NPK)

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...