Heim Nyhende Jamn befolkningsauke på Vestlandet

Jamn befolkningsauke på Vestlandet

Det har vore ein jamn befolkningsvekst i vestlandsfylka, og Hordaland har hatt størst auke i 2015.

 

Av fylka på Vestlandet har Hordaland hatt den største befolkningsveksten frå 2015 til 2016, syner ferske tal om befolkningsendring frå SSB.

I Hordaland fylke har befolkninga auka frå 511.357 til 516.497, noko som svarar til ein vekst på 1,0 prosent. I Rogaland er endringa på 0,8 prosent, og for Møre og Romsdal, og Sogn- og Fjordane er auken på 0,3 prosent.

Skodje i Møre og Romsdal har hatt størst befolkningsauke i Møre og Romsdal, med heile 3,5 prosent. Der har befolkningstalet gått frå 4.420 til 4.620 innbyggjarar. I Sogn- og Fjordane hadde Naustdal kommune den største befolkningsauken med 2,3 prosent i 2015.

Telemark fylke har hatt ein litt mindre auke i befolkningstal, frå 171.494 til 172.953, som er 0,3 prosent auke. Bø i Telemark utmerkjer seg i fylket med ein befolkningsvekst på 2,1 prosent frå 2015 til 2016.

Sande i Møre og Romsdal er den kommunen på Vestlandet som har hatt størst nedgang i befolkninga, med -2,9 prosent. I Sande kommune har talet på innbyggjarar gått frå 2.635 til 2.559 innbyggjarar i 2015. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...