Heim Nyhende Ny bok om spenningsfylt KS-historie

Ny bok om spenningsfylt KS-historie

For første gong er historia til KS og forløparane til kommuneorganisasjonen samla i ei bok. Sosiologane Andreas Hompland og Jon Helge Lesjø har valt å skildre KS som prega av sju spenningar.

 

KS og dei to forfattarane presenterte boka «Konstante spenninger. KS i den norske modellen» onsdag, ei lita veke før landstinget i organisasjonen startar i Kristiansand.

– Vi har definert sju spenningar som er KS. I ein mangfaldig, samansett og demokratisk styrt organisasjon er dette varige spenningar, som det er nødvendig å balansere mellom. Det er ikkje ei svakheit, det er KS’ styrke, sa Hompland, ifølgje avisa Kommunal Rapport.

Evige motsetningar

Forfattarane skildrar mellom anna KS som ein organisasjon i evig spenning mellom dei små og dei store og mellom by og land, mellom det politisk valde og det partinøytrale, mellom politisk leiing og administrasjon og mellom det å samtidig vere både interesseorganisasjon og statleg partnar.

– Spenningane kjem alltid til å vere der så lenge KS er ein demokratisk og samansett organisasjon som i dag. Dei er ei evig balanseøving, seier Hompland.

I tillegg til den sosiologiske analysen skildrar forfattarane historia til kommuneorganisasjonen, frå etableringa av Norges Byforbund i 1903 og skipinga av Norges Herredsforbund i 1923 fram til samanslåinga og danninga av Norske kommuners sentralforbund i 1972, som skifta namn til Kommunenes sentralforbund i 1988 og til KS i 2004.

Kjell T. Evers var administrerande direktør i Kommunalt Sentralbyrå og Norske Kommuners Sentralforbund 1945-1979.

Gløymd etterkrigsstrateg

Lesjø og Hompland har intervjua alle nolevande styreleiarar og administrerande direktørar i boka. Fleire av dei blir grundig presenterte, mellom dei tidlegare direktør Halvdan Skard, men ikkje minst avlidne Kjell T. Evers, som var med å forme dagens KS som direktør i organisasjonen og forløparane frå 1945 til 1979.

– Han var ein legende og ein av dei store strategane i Etterkrigs-Noreg, men er likevel knapt nemnd i historiske verk. Det er ei stor forsømming, seier Andreas Hompland.

Evers var mellom anna sentral i utviklinga av arbeidsgivarrolla, etableringa av forsikringsselskapet KLP og reisinga av Kommunenes Hus sentralt i Oslo. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...