Heim Nyhende Kinosjefar vil ha meir nynorsk

Kinosjefar vil ha meir nynorsk

Nynorskkinoane vel sjølvsagt nynorsk tekst til «Skammerens datter», men omtalane er framleis på bokmål. Det er noko dei har etterlyst fleire gongar.

– Eg ser her at han kjem på både nynorsk og bokmål, og då vert det sjølvsagt nynorsk, seier kulturhusleiar og kinosjef i Ørsta Janne Skarstein på telefon til Framtida.no.

Kinosjefen er slett ikkje van med å kunne velje målform på filmane. «Skammerens datter» er nemleg den første kinofilmen i Noreg som er teksta på både nynorsk og bokmål, slik kan kinoane enkelt velja målform sjølv.  

I tillegg kjem filmen med eigne skuleark, som er tilgjengelege på begge målformer til bruk i undervisninga.

LES OGSÅ: «Skammerens datter» med nynorsk tekst 

Etterlyser nynorskomtale
Omtalen av «Skammerens datter» på kinoen sine nettsider er derimot på bokmål, noko som vert lagt inn automatisk frå distributørane via Filmweb. Her skulle Skarstein ynskje at det var tilgjengeleg nynorskmateriell for alle filmar.

– Eg skulle ynskje at me fekk alle omtalar på nynorsk, for me har ikkje kapasitet til å sitje å omsette sjølv. Men det er diverre ikkje noko miljø for det, sukkar kinosjefen.

Denne frustrasjonen deler kinosjef i Stord kulturhus Herdis Elin Belsvik, som fortel at dette har vore oppe fleire gonger frå kinosjefane til distributørane.

– For oss er det heilt naturleg å velja nynorsk sidan det er skriftspråket vårt, men det burde vore vanlegare. Det burde vore like naturleg som at ein vel nynorsk- eller bokmålsbøker, seier Belsvik, som set pris på at den suksessrike bokserien har fått nynorsk kinotekst sidan den norske utgåva er utgitt av Samlaget.

Via Facebook har kinoen fått spørsmål om filmen er teksta på nynorsk.

LES OGSÅ: Dansk-norsk fantasy går Harry Potter i næringa 

Lettare omsetting
Òg kinosjefen i Bø tykkjer at det var heilt naturleg å velje nynorsk når sjansen baud seg. Dei har hatt to førpremierar før kveldens noregspremiere.

– Me har ikkje fått nokre tilbakemeldingar, verken positivt eller negativt, så eg reknar med det har gått bra, seier Anita Kristiansen, som tykkjer det er kjekt å få denne moglegheita med dagens teknologi.

Både for lokalavisa i Bø og i nynorskbyen Førde omset kinosjefane framleis omtalane til nynorsk, noko fleire kinoar gjorde før.

– Det er klart me sendar han med tekst på nynorsk. Eg ser ikkje heilt kvifor austlendingar ikkje kan lese nynorsk, så eg skulle gjerne sett at det var enten eller, seier kinosjef i Førdehuset Torild Vie.

Ho har tidlegare etterlyst fleire nynorske tekstar på kinofilmar, sidan det med ny teknologi er billegare enn før.

Ifølgje Nordisk Film Distribusjon kosta det mellom 10.000-12.000 å omsette  «Skammerens datter» til nynorsk. No er det omsettingsjobben, og ikkje det tekniske som kostar pengar.

– Me ville gjerne hatt James Bond på nynorsk, men me fekk ein islandsk film. Tanken var nok at islandsk er nærare nynorsk, men for oss er jo alt typisk nynorsk. Det er likevel flott at ei bok som Samlaget har gitt ut får nynorsk tekst, meiner Vie.

LES OGSÅ: Dyrebar kvardagsmagi 

Nynorsk merkevare
Redaktør for barne- og ungdomslitteratur på Samlaget Ragnfrid Trohaug vil ikkje ta æra for nynorskversjonen av filmen.

– Me har hatt veldig god dialog med filmdistributørane, som har vore veldig positive til nynorsken. Boksuksessen og at det er ei nynorsk merkevare har heilt klart spelt inn, seier Trohaug, som er spent på premieren og gler seg over å høyra at kinosjefane følgjer opp.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...