Heim Nyhende Konsensusmeisteren

Konsensusmeisteren

Halvdan Skard (72) byrja si politiske karriere i skulestyret i Bærum kommune i 1968. Av skuleutvalsleiar Jo Benkow lærte han den gongen å ha respekt for andre menneske sin politiske ståstad. Nettopp denne kunnskapen har gjort at han blitt vald til KS sin styreleiar om og om att i 20 år. Nå seier konsensusmeisteren takk for seg og overlet KS-styreroret til andre.

– Eg hadde ein del fordommar mot politikarar frå andre politiske parti då eg byrja som lokalpolitikar i skulestyret på 60-talet. Det eg lærte om å ha respekt for andre sine politiske standpunkt, har følgd meg sidan då, fortel den avtroppande KS-styreleiaren.

Det politiske engasjementet blei tidleg vekt. Morfaren Halvdan Koht, som han har fått namnet sitt frå, var norsk historikar og utanriksminister i arbeidarpartiregjeringa til Johan Nygaardsvold. Morfaren var også formann i Noregs Mållag ein periode. Mormor Karen Elisabeth Grude Koht var lærar og forkjempar for kvinnesaka. Halvdan Skard si mor, Åsa Gruda Skard, var barnepsykolog og brennande kvinnesakskvinne. Faren, Sigmund Skard, var professor i amerikansk litteratur, lyrikar, essayist og ein aktiv målmann.

– Eg voks opp med ei haldning som gjekk ut på at alle må vere med og ta ansvar for fellesskapet, forklarer Skard.

Sidan starten i skulestyret har han opparbeidd seg ei allsidig politisk erfaring. Han har vore direktør i Norsk kulturråd, ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet, statssekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, han har hatt fleire lokalpolitiske verv i Bærum kommune, leiar for finanskomiteen for alle KS-organisasjonane i Europa og medlem av Europarådets kongress for lokale og regionale folkevalde. Her var han også president ein periode. Av utdanning er han cand.philol. i historie.

– Eg trudde eg skulle bli historikar. Eg fekk til og med jobb som førsteamanuensis ved Distriktshøgskolen i Stavanger, men der var eg berre i to veker fordi eg fekk jobben som statssekretær, seier Skard.

Han har sete i kommunestyret i Bærum sidan 1972, med eit kort opphald. Sidan 1983 har han vore Arbeidarpartiet sin gruppeleiar. Kvar onsdag kveld er han i anten formannskapsmøte eller kommunestyremøte med mindre han er på reise.

– Som lokalpolitikar for Ap i Bærum er eg i evig opposisjon. Kvar onsdag blir forslaga mine røysta ned i formannskaps- eller kommunestyremøte, men eg blir likevel ikkje lei. Eg synest det er inspirerande å vere med og diskutere korleis samfunnet skal vere framover, fortel han om kva det er som driv han.

Kona og sosiologiprofessoren Arnlaug Leira har måtta tole at Skard har vore mykje ute og reist i samband med jobben og verva sine. Dei har ein son saman, og han har gitt dei to barnebarn på fire og åtte år. I fjor hadde Skard rundt 60 reisedøger.

– Det har vore eit slalåmløp mellom dei politiske verva og jobbane og familien. Eg kunne ikkje gjort det utan at familien var samd i at eg kunne. Vi har diskutert nøye kvart fjerde år om eg skal halde fram. Som mange andre travle politikarar føler eg alltid at eg burde ha vore meir saman med familien, seier Ap-politikaren.

– Nå håpar eg at eg skal få meir tid til å vere med familien, legg han til.

Når han går av som styreleiar i KS i februar, tek han med seg kona på trevekers ferie til Gran Ganaria.

– Då skal vi gå lange turar i fjellet og berre kose oss, fortel Skard.

For ferie er ikkje det same som sjø og strandliv for Skard. Har aldri vore det.

– Eg har vakse opp med at alle sommarferiar blei brukte på familiehytta i Valdres. Eg har aldri nytta ferien ved sjøen. Fjellet er ferie for meg, slår han fast.

Det er Halvdan Skard sitt eige val å slutte som KS-styreleiar nå.

– Eg har hatt dette vervet i 20 år. Nå synest eg det er på tide at andre tek over. Eg vil gjerne slutte medan eg endå er i god form, seier han.

Bjørg Tysdal Moe er nestleiar i KS-styret og varaordførar i Stavanger for KrF.

– Eg har jobba saman med Halvdan i KS-styret i tolv og eit halvt år og er mektig imponert over leiareigenskapane og kunnskapen hans om kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor. Han respekterer andre politikarar og er ein meister til å jobbe for konsensus, slår Tysdal Moe fast.

KS-styreleiaren blei ein viktig samarbeidspartnar for Sigrun Vågeng då ho tok over som administrerande direktør for KS for to og eitt halvt år sidan.

– Halvdan er ein behageleg person, ein klok mann. Han veit kva han vil og korleis han skal få det til, men er samstundes ein mild mann. Eg har lært mykje om kommunal sektor av han, seier Vågeng.

Den siste gongen Halvdan Skard blei vald som styreleiar for KS, blei han vald samrøystes av eit styre som er sett saman av politikarar frå alle partia.

– Når desse politiske representantane kjem inn i KS-styret, skal dei representere KS-medlemene, ikkje dei politiske partia, og det krevst ein klok leiar å få eit slikt styre til å hengje saman på tvers av partigrenser, meiner Vågeng.

– Som administrerande direktør er eg innstilt på at styreleiarar kjem og går, men eg kjem til å sakne Halvdan som styreleiar og person, legg ho til.

Sigrun Vågeng peikar også på kor viktig det lokalpolitiske vervet i Bærum kommune er for Skard.

– Kvar veke går han til kommunestyre- og formannskapsmøte i Bærum. Det har førsteprioritet i livet hans. Han er vald av innbyggjarane i Bærum kommune til å sitje i kommunestyret, og det tar han alvorleg, slår den administrerande direktøren fast.

– Skard har alltid vore trufast på dei politiske møta. Sidan han fekk internasjonale verv, har han vore litt meir borte enn før, men han har alltid gyldig fråvere, fortel lokalpolitikarkollega Bjørn Røtnes (H).

Han kan fortelje at Halvdan Skard har lengst fartstid av dei sitjande politikarane i Bærum. Sjølv har han nest lengst fartstid og har opplevd Skard som politikar i snart 30 år.

– Skard er ein hyggjeleg og omgjengeleg mann, som nyt stor respekt som politikar. Han har sete i opposisjon i alle år og gjer ein god jobb der. Det kjem aldri nokon uansvarlege forslag frå han si side, konstaterer Høgre-politikaren.

– Han er vanvittig til å lese protokoll frå dei politiske møta. Det er allment kjent at viss Skard går god for protokollen, så er det det som har skjedd på møtet, held han fram.

– Det kan hende nokre synest eg er for detaljorientert, men eg er opptatt av at protokollen skal vere riktig. Vedtaka vi gjer som lokalpolitikarar, gjeld for mange menneske, og då er det viktig at marsjordren vi som avgjerdstakarar gjev, er klar for dei som skal setje vedtaka ut i livet, seier Halvdan Skard sjølv.

Det har ikkje vore mykje fritid for 72-åringen i løpet av den politiske karrieren.

– Eg prøver å lese litt. Eg les ein del krim på flyturane tilbake frå møte. Til møta les eg sakspapir. Nå i det siste har eg lese bøker av den islandske forfattaren Jón Hallur Stefánsson. Han minner litt om Olav Duun. Bøkene hans må lesast langsamt. Han har eit verdsperspektiv der han ser ut frå dei små, fortel Skard.

Han er også glad i musikk.

– Eg høyrer helst på klassisk og jazz. Kva artistar eg høyrer på, kjem an på dagsforma. I går kveld sette eg på Duke Elllington. Han har eg ikkje høyrt på på lenge, seier musikkelskaren.

Han har elles ingen hobbyar han driv med på fritida.

– Eg har vore så heldig at eg har fått lov til å ha hobbyen min som jobb, slår han fast.

Det er spesielt éi politisk sak Skard har brent for sidan han byrja på den politiske karrieren sin.

– Eg har arbeidd for full barnehagedekning sidan 1968. Den gongen var det bare éin stor barnehage i Bærum. Nå er vi ganske nær full barnehagedekning, men framleis må foreldre som er uheldige ved at ungen blir født for seint på året, vente i mange månader før dei får plass. Då kan vi ikkje seie at vi har full barnehagedekning, meiner lokalpolitikaren.

Som sosialdemokrat er han oppteken av at det offentlege skal ha ansvaret for velferda til befolkninga.

– Eg er ikkje nøgd med dei private løysingane som har blitt tekne i bruk fleire stader. Eg arbeider for fellesskapsløysingar, slår Skard fast.

Sjølv om han nå går av som KS-styreleiar, så har han i alle fall fire år att som lokalpolitikar i Bærum.

– Den tillitserklæringa som partiet har gitt meg gjennom mange år, opplever eg som stor. Eg føler også eit stort ansvar og ei stor glede ved å få ein slik tillit. Samstundes er det utfordrande, seier han takksam.

Kvar dag i 20 år har han reist med buss frå Lysaker til KS-huset midt i Oslo.

– Det å vere styreleiar i KS har vore eit verv der eg har fått vore innom dei fleste politiske områda og har treft mange spennande menneske. Det er framleis ting eg kunne tenkt meg å gjere noko med og vere med på i KS, men heldigvis er det andre som kan gjere den jobben. Ingen er uunnverleg, sluttar den avtroppande KS-styreleiaren.

 

 

SJØLVMELDING:

Namn: Halvdan Skard

Alder: 72

Bur: På Lysaker i Bærum

Sivil status: Gift

Aktuell: Går av som styreleiar i Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon KS etter 20 år med vervet

Les: Ofte krim, men har i det siste lese bøker av den islandske forfattaren Jón Hallur Stefánsson

Høyrer på: Klassisk og jazz

Førebilete: Ingen spesielle

 

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...