Heim Nyhende Kraftfond inn i LNK

Kraftfond inn i LNK

Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder (KAA) melder seg no inn i LNK. – Me ynskjer å vere med i ein organisasjon som har fokus på å utvikle ein god skriftleg nynorsk, seier dagleg leiar, Arne Tronsen. 

KAA har hovudkontor i Valle i Setesdalen.

– Me er ei verksemd som i alle år, sidan 1984, har nytta nynorsk som skriftleg målform og me har hovudkontor i eit område som er sterkt forankra i nynorsk tradisjon, seier Tronsen som meiner kraftfondet og språkorganisasjonen deler mange verdiar.

Han legg vekt på at KAA ynskjer å vere med i ein organisasjon som har fokus på å halde på og utvikle eit godt skriftleg språk i nynorsk drakt.

– Det nettverket som me trur me vil finne gjennom LNK vil og vere viktig for verksemda i KAA. Nynorsk som målform er også meir handlingsretta enn bokmål. Dersom dette vert utnytta og utvikla vil nynorsken bidra til skriftlege framstillingar som er tydelege og kortfatta. Eg meiner LNK har ei sentral oppgåve nett på dette, slår Tronsen fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...