Heim Nyhende Kristin Fridtun får Språkprisen 2019

Kristin Fridtun får Språkprisen 2019

Forfattaren får ros for måten hen har tilført debatten nye språklege perspektiv på tema som kjønn og seksualitet.

 

– Ho har tilført den offentlege debatten nye perspektiv både på språk og i spørsmål om kjønn og seksualitet, og ho viser alltid vilje til å saumfara både eigne og andres standpunkt, seier jurymedlem Merete Røsvik i ei pressemelding frå Språkrådet.

Kvart år deler Språkrådet ut Språkprisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk.

I år var det nynorskforfattaren Kristin Fridtun sin tur. Filologen og føredragshaldaren kjem sjølv frå Elverum i Hedmark og har bytta til nynorsk som hovudmål.

Hen har fast språkspalte i både Dag og Tid og Morgenbladet. 32-åringen har tidlegare stått på kortlista til prisen, men i år meinte juryen at det var umogleg å gå forbi hen.

Kvarteret som endra språket

For Kristin Fridtun er prisen først og fremst ein motivasjon til å halde fram arbeidet.

– Eg har ikkje eit drøss med lesarar, så då er det fint at nokon kunnige les og set pris på det, seier prisvinnaren på telefon til Framtida.no.

Sjølv vart hen nynorskbrukar etter eit kurs i regi av Noregs Mållag. Målet for nordiskstudenten var å friske opp nynorskkunnskapane før eksamen, men Ingar Arnøy inspirerte til eit totalt språkskifte.

– Etter eit kvarter hadde eg forstått at det var nynorsk eg skulle skrive. Han forklarte nynorsken som prosjekt, men det var òg det at han fekk meg til å skjøna at det ikkje er for seint å byte skriftspråk sjølv om du er 18-19 år, forklarar Fridtun.

Skriv om skrivefeil

Filologen synest det er uendeleg mykje interessant å ta av når det kjem til språk.

– Det eg synest er spanande er at det er så mange sider, så mykje variasjon både når det kjem til ord, formuleringar, utrykk, og innvikla omgrep som kjønn, som eg har skrive ei bok om, seier Fridtun, som legg til at hen lett kunne skrive ei bok til om temaet.

Men neste prosjekt er allereie bestemt, det vert ei bok om skrivefeil og kvifor det provoserer slik.

– Er du ein person som irriterer deg over skrivefeil?

– Nei. Der er eg litt sånn typisk språkvitar. Eg legg merke til det, fordi eg har temmeleg god greie på kva som er rett og gale, seier Fridtun, og viser til arbeidserfaring som korrekturlesar og språkvaskar.

– Men eg rettar ikkje på folk med mindre dei ber om det. Eg prøver iallefall. Eg er oppteken av å skrive rett for eigen del. Det er ikkje det at det ikkje er viktig, men i det store biletet tykkjer eg det er meir alvorleg om politikarar og byråkratar skriv eit språk som folk ikkje forstår og om ordbøker ikkje får pengar til å oppretthaldast – enn om nokon ikkje veit forskjell på og og å, seier Fridtun.

Hen opplever at folk ikkje tør å skriva til hen, fordi dei er redde for å skriva feil. Det tykkjer 32-åringen at det ikkje er noko grunn for.

– Eg veit at om du ikkje er god i rettskriving, så betyr det ikkje at du er dum, understrekar Fridtun.

Les også: – Er det noko stress å vera skeiv i Noreg i dag? spør Kristin Fridtun

Språkdirektøren: – Ein språkmektig forfattar

Fridtun får prisen for bøkene Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Språket er ei bukse (2019).

Juryen skriv følgjande om vinnaren: «Kombinasjonen av gode analytiske evner og evna til å sjølv finne klargjerande språklege bilete gjer Fridtuns tekstar både lærerike og underhaldande. Fridtun lærer oss å vere meir kritiske i omgang med dei orda vi røyner verda med».

Prisen er på 100.000 kroner og skal delast ut av språkdirektør Åse Wetås på Litteraturhuset i Bergen onsdag 20. november.

– Det er ei glede å gje denne prisen til Kristin Fridtun. Ho er ein språkmektig forfattar i dobbel tyding. Ho har stor fagkunnskap om språk, samtidig som ho brukar språket på ein levande og kreativ måte, seier Wetås i pressemeldinga.

I tillegg til prisutdeling skal Jens Kihl intervjue forfattaren frå scena, samt leie ein panelsamtale om det gode sakprosaspråket. I panelet sit Språkrådet sin språkprisjury: Juryleiar Sverre Tusvik, Toril Opsahl, Merete Røsvik og Knut Hoem.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...