Heim Nyhende Kulturpris til Helge Torvund

Kulturpris til Helge Torvund

Lyrikaren og forfattaren Helge Torvund (60) er tildelt kulturprisen til Stavanger Aftenblad for 2011. Vinnaren er stemt fram av lesarane til avisa.

– Torvund fortener denne utmerkinga på bakgrunn av det han har gjort for poesien både i bokform og elektronisk. Han er diktlærar på nettet, har bidrege med tekst til Bjørn Eidsvåg og er elles ein aktiv Twitter-poet. I år er han også aktuell med den kritikarroste diktsamlinga «Alabama?», seier redaktør Tarald Aano til Aftenbladet.no.

Sjølv ser forfattaren på prisen som ein siger for poesien.

– Eg tenkjer at det er ikkje berre er meg, men poesien som er sett pris på. Eg har ei oppgåve å få poesien fram – og det gjer ein slik pris som dette, seier prisvinnaren.

Sidan debuten i 1977 har Torvund gjeve ut over tjue diktbøker. Han har også skrive barnebøker, fagbøker og gjendikta amerikanske lyrikk. Mange vil også kjenna han som diktlærar på nettstaden Diktkammeret på Dagbladet.no.

Helge Torvund er tidlegare heidra med fleire prisar for bøkene sine, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Samlagsprisen.

Den 30. oktober feirar Samlaget at Helge Torvund rundar 60 år med eit litterært arrangement på Litteraturhuset i Oslo. Arrangementet er også ei markering av at Diktkammeret i Dagbladet i år er ti år. Jubileet blir markert med boka Diktkammeret som Helge Torvund og Maria Børja er redaktørar for. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...