Heim Nyhende Kulturrådet kuttar mest i nynorsken

Kulturrådet kuttar mest i nynorsken

Kulturrådet kutta torsdag 1,1 million kroner i støtta til utgjeving av nynorsk litteratur. Også støtta til vekeaviser vart kutta.


Vedtaket vart gjort etter at regjeringa kutta vel 10 millionar i støtte til litterære føremål i statsbudsjettet for 2014. Det var venta at Kulturrådet ville kutta i innkjøpsordninga, noko dei også gjorde. Ho blir redusert med 5,3 millionar kroner i år, ved ei såkalla avkorting. Det vil seie at forlaga får litt lågare betaling per bok i dei to skjønnlitterære innkjøpsordningane for barn og vaksne.

Resten av kutta gjer Kulturrådet i klassikarstøtta, nynorskstøtta, ymse tiltak og periodiske publikasjonar, ifølgje ei pressemelding.

I prosent er det produksjonsstøtta til utgjeving av klassikarar og nynorsk litteratur som må tåla dei største enkeltkutta – med høvesvis 53 og 35 prosent.

Stort kutt
Produksjonsstøtta til nynorsk litteratur er kutta frå 3,1 til 2 millionar kroner. Støtta skal ifølgje nettsidene til Kulturrådet gå til bokutgjevingar for barn og unge, fleire teikneserieutgjevingar på nynorsk, god nynorsk sakprosa i bøker, tidsskrift og vekeaviser og utviklingsprosjekt der forfattarar som skriv nynorsk og bøkene deira blir presenterte påmange og ulike måtar.

Fleire av utgjevingane til Skald forlag fekk støtte i 2013. Det gjorde også Norsk Barneblad og Syn og Segn.

Mindre til vekeaviser
Når det gjeld kutta for periodiske publikasjonar, blir tidsskrifta skjerma, medan vekeavisene får redusert tilskotet frå vel 16 millionar kroner til 14,5 millionar. Dette omfattar mellom anna Dag og Tid og Morgenbladet, som kvar fekk nesten 5 millionar i støtte i fjor.

Kulturrådet vedtok torsdag også at innkjøpsordninga skal gjennomgåast og fornyast før 2015. Innkjøpsordninga utgjer cirka to firedelar av det totale litteraturbudsjettet.

– Kulturrådet har sidan oppstarten i 1965 følgd nøye med på utviklinga i litteraturen som kunstart og i bokbransjen. Årets kutt intensiverer behovet for å tenkja nytt om litteraturstøtteordningane. Men arbeidet med ei revitalisering var påbyrja lenge før Statsbudsjettet for 2014 blei vedtatt, seier Anne Oterholm.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...