Heim Nyhende – Kunne ikkje hatt jobben utan nynorsk

– Kunne ikkje hatt jobben utan nynorsk

Torsdag gifta han seg, og fredag fekk Roger Sevrin Bruland det synlege beviset på at han er årets vinnar av nynorskprisen for journalistar.

– No får eg dekt deler av utgiftene til bryllaupet, sa prisvinnaren til latter frå salen.

Han deltok på overrekkinga på same måte som vi er vande med å sjå han. Direkte på tv-skjermen. Som korrespondent er oppdraget til Roger Sevrin Bruland å fortelje NRK sitt publikum om store og små hendingar i den tyskspråklege delen av Europa.

Under samtalen med juryleiar Solveig Barstad og språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen, var Bruland klar på at han aldri kunne vore journalist om han ikkje kunne bruke nynorsk.

– Det fungerer ikkje for meg å skrive eller snakke bokmålsnært. Eg er heilt avhengig av nynorsken, om eg skal kunne vere meg sjølv på jobb. Vi må hugse på at det ikkje er slik alle stader i verda. Så eg er glad for at folk står på for nynorsken, slik at eg kan bruke han, sa Roger Sevrin Bruland, ifølgje ei pressemelding frå NRK Nynorsk Mediesenter.

Roger Sevrin Bruland under utdeling av nynorskprisen. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.

Dei 138 nominasjonane som kom inn på Bruland som prisvinnar, tyder på at publikum let seg engasjere av formidlinga til 45-åringen frå Utvik.

– Eg har aldri fått kritikk for at folk ikkje forstår nynorsken min, eller språket mitt. Det kan kome meldingar om grammatiske feil eller liknande, men nynorsken står ikkje i vegen for bodskapen min.

Den einaste nynorskbrukande korrespondenten i NRK

Prisvinnaren har arbeidd i NRK i 15 år, og har tidlegare jobba ved to ulike ambassadar. Juryen framhevar i si grunngjeving at Bruland no sjølv er blitt ein ambassadør for nynorsken.

I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna:

«Skal nynorsk vere eit samfunnsberande språk, må det bli brukt på alle område. Utanrikskorrespondentane speler ei særleg viktig rolle her, sidan deira jobb gjerne er å formidle nye fenomen og ukjende hendingar – ofte før det er full semje om korleis det skal lyde på norsk. Det er ikkje mange korrespondentar som nyttar nynorsk, og endå færre som gjer det så tydeleg og konsekvent som Bruland gjer. Han er med å bryte ny mark for det nynorske språket, og juryen håper han kan få endå fleire med seg i arbeidet framover».

Roger Sevrin Bruland rapporterer frå krigen i Ukraina. Foto: Andras D. Hajdu, NRK

I NRK sitt utanrikskorps er Bruland no den einaste nynorskbrukaren. Utanrikspolitikken, som for han dei siste åra har handla om pandemi og krig, er ofte prega av engelske ord og vendingar, tungt språk og byråkratiske formulingar. Å ha nynorsk som arbeidsspråk i ein slik situasjon ser han berre på som eit stort føremonn.

– Journalistar må lage reportasjar for publikum. Dei må forstå. Engelsk forgiftar ikkje nynorsken så lett, og vi må finne opp nye uttrykk. Det er krevjande, men spanande. Språk er makt, og vi som brukar nynorsk må ta plass og vise at det fungerer. Det er berre å køyre på, oppmodar Bruland.

Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Juryleiar er Solveig Barstad, programleiar og journalist i TV2. Dei andre jurymedlemmane er Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende, og Øystein Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...