Heim Nyhende Kva meiner folk om kommunesamanslåing?

Kva meiner folk om kommunesamanslåing?

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fått laga ei innbyggjarundersøking til bruk ved kommunesamanslåing.

 

– Med dette verktøyet kan kommunane høyre kva som er viktig for innbyggjarane i arbeidet med kommunereforma, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Departementet har fått utarbeidd ei innbyggjarundesøking som blant anna inneheld spørsmål om samanslåingsalternativ og kva som er viktig for innbyggjarane i reformarbeidet. Undersøkinga spør direkte om tenestene kommunen har og korleis desse vil bli påverka av kommunesamanslåing. Opplegget må tilpassast lokale forhold, og kommunane kan sjølv legge til spørsmål knytt til lokale behov.

Støtte til folkehøyring

– Dette vil gi kommunestyra eit betre vedtaksgrunnlag enn det som er mogleg i ei rådgivande folkeavstemming, seier Sanner.

Han påpeiker at dette gjer det mogleg for kommunane å spørje kva innbyggjarane meiner om velferdstenester som skular, barnehagar og sjukeheim.

Alle kommunar som går gjennom reformprosessen og gjer kommunestyrevedtak innan 2016, får utbetalt 100.000 kroner som støtte til informasjon og folkehøyring. Kommunane vel sjølv om dei vil bruke undersøkinga som metode for å høyre på kva innbyggjarane meiner. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...