Heim Nyhende Læreplanforslag bryt med norsk språkpolitikk

Læreplanforslag bryt med norsk språkpolitikk

Utkastet til endra læreplan i norsk vil svekkje situasjonen for nynorsk ved å gje dei fleste elevane lågare nynorskkompetanse enn det dei får i dag, meiner Språkrådet.

 

Det strir mot det Stortinget har sagt om at nynorsk skal styrkjast, skriv Språkrådet i ei høyringsfråsegn til Utdanningsdirektoratet.

Språkrådet peikar på at viss læreplanutkastet blir innført, vil bokmålselevar frå hausten få svakare opplæring i nynorsk.
– Viss bokmålselevane går ut av skulen med lågare nynorskkompetanse enn i dag, blir det tyngre å vere nynorskbrukar i samfunnet. All ny opplæringspolitikk må bidra til at både bokmålselevar og nynorskelevar får bli betre i nynorsk enn i dag. Viss ikkje, vil nynorskbrukarane møte eit stadig sterkare press om å bruke bokmål i store delar av samfunnslivet, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Les heile høyringsfråsegna til Språkrådet.

– Utkastet frå Utdanningsdirektoratet bryt med prinsippet om at målformene er jamstilte. Og utkastet bryt med prinsippet Stortinget slutta seg til med behandlinga av språkmeldinga «Mål og meining»: at nynorsk skal styrkjast. Språkrådet kan ikkje gå god for ein læreplan i norsk som verkar motsett av dei språkpolitiske prinsippa vi er sette til å ha tilsyn med, seier Vonen.

– Det er bra at det nyaste læreplanutkastet har fått inn språkpolitiske vurderingar, men dei samla konsekvensane av utkastet er framleis ikkje i tråd med norsk språkpolitikk, seier Vonen.

Tidlegare opplæring på nynorsk 
Som statens fagorgan i språkspørsmål meiner Språkrådet at dette må til for å sikre nynorsk ei god utvikling:

  • Bokmålselevane må få tidlegare og betre skriveopplæring på nynorsk.
  • Nynorskelevane må få styrkt skriveopplæring på nynorsk. Dei må få bruke skriftleg og munnleg nynorsk i alle fag.
  • Lærarane må få heva kompetanse i god nynorskopplæring
  • I høyringsfråsegna poengterer Språkrådet at opplæring i skriftleg norsk er kjernen i norskfaget. Skal faget avgrensast, må det gjerast på anna vis enn å skjere ned på skriveferdigheitene i faget. Meistring i begge målformer må dokumenterast på vitnemålet.
  • Språkrådet skriv òg at jamstillinga mellom målformene tilseier at ein framleis bør bruke omgrepa bokmål og nynorsk i læreplanverket, ikkje føre inn att hovudmål og sidemål. Likeins meiner Språkrådet at standpunktkarakter og eksamenskarakter i skriftleg norsk bør vere i nynorsk og i bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...