Heim Nyhende Landsbylosen

Landsbylosen

Sigrid Brattabø Handegard er nytilsett landsbylos i Jondal. Ho drøymer om vekst og utvikling i Hardanger-regionen.

Bygda Jondal fekk i 2009 status som nasjonalparklandsby, ein tittel hardangerbygda deler med Fossbergom i Lom kommune, Geilo i Hol kommune, Storslett i Nordreisa kommune og Vingelen i Tolga kommune. Meininga er at ein skal utvikle meir verdiskaping i samband med nasjonalparkane, i Jondal handlar det om å utnytte potensialet som ligg rundt Folgefonna Nasjonalpark, ein park som tar utgangspunkt i den tredje største breen i Noreg.

– Me skal prøve å utnytte nærleik og vår lette tilkomst til nasjonalparken til vediskaping. Mi rolle blir blant anna å hjelpe dei som ynskjer å få til noko, enten det er innan reiseliv eller landbruk, prøve å lose dei gjennom byråkratiet. Vidare er eit viktig mål å lose fleire til kommunen, både fastbuande og gjester, seier nytilsett landsbylos Sigrid Brattabø Handegard.

Handegard har også brei politisk erfaring, både som Senterparti-ordførar i Jondal og ikkje minst som politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet. Ein bakgrunn som ikkje er utan betyding i den nye jobben.

– Det viktigaste er ikkje mi rolle, men alle dei flinke personane og vår unike natur. Så har eg etter kvart godt nettverk etterkvart, men det viktigaste for meg er at me kan samarbeide og slik klare å nå måla våre om vekst i næringslivet og eit auka folketal, slår Handegard fast.

Positiv utvikling
Ho har klokketru på at det framleis ligg eit potensiale rundt nasjonalparken som ikkje er utnytta til fulle. Kommunen har bilveg opp til brekanten og Handegard meiner kommunen bør spele på at turistar og gjester raskt kan få høve til å besøkje urørt natur.

– Det har vore ei satsing her i mange år, med både breførerlag og sommarskisenter, men eg trur likevel det er meir å hente. Utgangspunktet for å til ei betre verdiskaping er at bruk og vern skal gå hand i hand, det er mange døme på at det er skapt interessekonfliktar rundt nasjonalparkar, det har me i liten grad opplevd i Jondal.
Jondal er ein naturleg innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark og har arbeidd for å styrke verdiskapinga rundt parken i mange år. Det har også gitt resultat.

– Det er ei positiv utvikling i kommunen. Samarbeid mellom næringslivet , frivillige organisasjonar og kommunen trur eg er nøkkelen. Me må dra i same retning og arbeide mot felles mål, seier Handegard som kan fortelje at nedgangen ein såg i folketalet i kommunen på slutten av 1990 – og fram til 2008 no har stagnert og går i positiv retning.

Handegard viser også til at dette er ein trend ein ser i dei fleste Hardanger-kommunane.

– Dersom me klarer å få fleire innbyggarar får me eit rikare og meir mangfaldig samfunn. Me blir fleire å spele på i samfunnsutviklinga og næringslivet får betre tilgang på kompetent arbeidskraft.

– Men me må arbeide bevisst med dette, spesielt med tanke på den næringsstrukturen som me har. Me har ikkje olje – og gassnæringa som ein ser langs kysten.

(artikkelen held fram under bildet)

Jondal taulag på Folgefonna.

Køfritt samfunn
Dei sju hardangerkommunane, Hardangerrådet og fylkeskommunen gjekk i 2007 saman om prosjektet Flytt til Hardanger. Målet med prosjektet var å skape attraktive kommunar, både å bu og arbeide i. Prosjektet har hatt ein omfattande reklamekampanje der ein blant anna har marknadsført regionen med teksten: lukka er sponsa av Hardanger.

No er prosjektet kome over i ein evalueringsfase og Sigrid Brattabø Handegard skal også her vere med lose arbeidet vidare. Prosjektet går fram til 2015.

– Alle er sjølvsagt velkomne til å busetje seg i Hardanger, men den største målgruppa vår er personar i etableringsfasen. Forsking viser at det er i den fasen folk er mest mobile.

– Kva håpar du resultatet av prosjektet blir?

– Eg håpar Hardanger har skapt seg eit godt omdømme som ein god region å bu i. At me speglar eit køfritt samfunn , eit litt rolegare liv, der brukar naturen sine ressursar på ein god måte.

Trass i optimisten som Handegard meiner rår i Hardanger-kommunane ser også den tidlegare politiske rådgjevaren at ei ny regjering har skapt fleire utfordringar for distrikt-Noreg.

– Dei nasjonale rammevillkåra blir viktige for utviklinga i Hardanger, utan tvil. Det er trist å sjå at ein no kuttar i midlane til regional utvikling. At landbrukspolitikken ser mørkare ut for distrikta er heller ikkje eit positivt signal. Kva er Hardanger utan landbruket? Me er avhengige av at det bur folk i grendene, at ekrene er velstelte og at me produserer mat. Det er ein viktig del av oss.

Herborg Kråkevik har gjort Jondal kjent. Her frå sentrum i Hardanger-bygda.

Svendal eplehage.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...