Heim Nyhende «Mitt navn er Syltetøy Kausjonerer»

«Mitt navn er Syltetøy Kausjonerer»

Omsetjingstenesta Google Translate har ennå ikkje kome med ein nynorskversjon, men mange spør seg kor viktige slike gratistenester eigentleg er.

Det ligg mange gratis omsetjingstenester på Internett. Dei fleste er utvikla av maskinar. Det er ikkje menneske som har sete og lagt inn ord og tolkingar. Det har maskinen gjort ved å gå gjennom teksten i eit stort tal dokument på dei ulike språka og utvikla eit ordforråd og ein logikk gjennom det han har «lese».

Felles for gratistenestene er at dei fleste til ei viss grad kan gjera korte tekstar på andre språk skjønlege, om det enn krev ein porsjon godvilje frå lesaren til tider. Ein annan ting dei har felles, er mangelen på nynorskversjonar. Det gjeld også den mest brukte av dei, Google Translate, sjølv om ho har ein innebygd modul som i det minste skal kjenna att nynorsk når ho får det servert.

Gratistenestene har også det til felles at dei fort blir ubrukelege når dei får servert tekstar som inneheld særnamn, ord med fleire tydingar og tekstar med ord som ikkje er vanlege i daglegtalen. Setninga i overskrifta skal vera resultatet ein får om ein ber ei av gratistenestene på nettet om å omsetja «My name is James Bond» til norsk bokmål.

Bokmål til nynorsk
Skal ein setja om til nynorsk, er det tenesta Apertium (www.apertium.org) som er den mest aktuelle nettbaserte løysinga. Det er råd å få ganske feilfrie omsetjingar frå bokmål til nynorsk med Apertium, men ho tek stundom sjansen på ting som slår feil ut. Me testa ho med å be om ei omsetjing av fyrste vers av den norske nasjonalsongen. Resultatet vart slik:

Ja, vi elskar dette landa
som det stig fram.
Fura, værbitt over vatnet
med dei tusena heim.
Elskar, elskar det og tenkjer
på faren vår og mor,
og den saganatt som senkar
draumar på jorda vår.

Teksten er framleis forståeleg, men bokmålsordet «landet» har to tydingar. Det kan både vera bunden form av substantivet «land» og preteritumsform av verbet «å lande». Her valde Apertium feil tyding.

Frasen «de tusen hjem» vart også vanskeleg. Programmet har her valt å tolka dei to fyrste orda (de tusen) som eit uttrykk for at «tusen» skal stå i fleirtal i staden for «heim».

Tryggare å kjøpa program
Skal ein ha betre omsetjingshjelp, er eit omsetjingsprogram betre enn gratistenestene på nettet. Programmet Nyno er eit bra verkty for omsetjing mellom bokmål og nynorsk. Styrken til Nyno er at programmet sjeldan tek sjansar. Der det er tvil, der stoppar programmet opp og ber brukaren om å velja det rette alternativet.

Kva så med Google Translate, som sjølv seier at tenesta deira er i stand til å kjenna att nynorsk? Vel, om ein ber Google Translate om å omsetja Apertium sin nynorskversjon av «Ja, vi elsker» til engelsk, får ein dette resultatet:

Yes, we love this country
as it rises up.
Pine, weathered over the water
with the thousands of homes.
Love, love it and think
for our father and mother,
and the saga night that sends
dreams on our soil.

Ikkje så verst, men etter å ha kjørt teksten gjennom to omsetjingar, har bokmålsordet «furet» blitt til treet fure (pine=fure). Google Translate har i det minste fått dei tusen heimane til å bli rette att.

Nyttige tillegg
Google Translate har dessutan ei rekkje tilleggstenester som kan vera nyttige. Direkte omsetjing av heile nettstader medan ein vitjar dei, er ein nyttig ting. Omsetjingstenesta er også aktiv når ein brukar søkemotoren Google. Det gjer at anten ein søker på einskilde ord eller heile fraser på norsk, kan ein velja å få opp treff frå nettsider som har same ord eller frase på andre språk.

Gratis omsetjingstenester på nett kan vera eit godt hjelpemiddel dersom målet er å skjøna tekst som er skriven på eit anna språk. Å bruka slike tenester til å omsetja norsk tekst til andre språk og senda den omsetjinga til ein mottakar; det kan vera ei flau oppleving. Framleis er det slik at det er betre å la mottakaren sjølv bruke omsetjingstenester til å finna ut kva du har skrive til vedkomande. Eit kjend skrekkdøme er turistbyrået i Las Vegas, som har publisert informasjon på ei rekkje språk på nettstaden sin. På den «norske» informasjonssida, står det mellom anna:

«Nesten everybody i verdenen har hadde noe begjær til someday besøk de city at aldri lukker. Og once they’ve komme her, de begynne til fannt another tid eller schedule at vil tillate dem til returnere igjen

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...