– Eg trur kunnskap om språk vert endå viktigare enn i dag, ikkje minst det å uttrykkje seg skriftleg, altså nytte språket som kommunikasjonsverktøy. Men språk som identifikasjonsmerke kjem også til å bli viktig framover, seier leiar i LNK, Astrid Myran Aarvik.
Ho er leiar i ein organisasjon som i år fyller 20 år og er sterkare enn nokon gong.
– Når du er blitt 20 år, så er du ikkje ein tenåring lenger. LNK er blitt vaksen, sterkare og meir innarbeidd, seier styreleiaren. Me har eit stabilt medlemstal, og me har bevist livsretten vår.
I 1990 skreiv Kulturdepartementet brev til ulike departement og direktorat og bad om at ein fekk utarbeidd planar for måljamstillingsarbeidet. Bakgrunnen for brevet var ei kartlegging frå 1989 som viste at ingen oppfylte mållova sine krav til nynorsk. Mange svarte at dei hadde utarbeidd slike planar, men Statskonsult meinte at ein ikkje hadde behov for spesielle tiltak, og meinte til dømes at mållova var ein «formell raritet», og at «å skrive nynorsk tar ekstra tid som medfører auka utgifter».
Fleire kommunar reagerte sterkt på dette. Ulvik herad tok initiativ til ein kampanje mellom dei 113 nynorskkommunane. 34 kommunar frå åtte fylke sende skarpe fråsegner mot Statskonsult eller støtteerklæringar til Ulvik. Blant anna skreiv Finnøy kommune: «skulle vi leggja like snevre økonomiske mål på andre delar av vår kulturarv som det Statskonsult gjer seg til talsmann for når det gjeld nynorsk, vil det vel kan hende bli lite «arv» til neste generasjon».
Statskonsult vann ikkje fram, men skapte sterke reaksjonar.
I 1991 skipa Kommunenes Sentralforbund, Ulvik herad, Ørsta kommune og Noregs Mållag til ein konferanse som fekk tittelen: Nynorsk – klamp om foten eller utfordring for det offentlege? Rådmann i Ulvik, Einar Schibevaag, var pådrivar saman med ordførar Lars Sponheim (V).
Kultursjef i Bergen, Sigve Gramstad, deltok på konferansen. Han var den første som lanserte tanken om å skipe eit nettverk av nynorskkommunane. Han vart strategen som utløyste ein tanke mange hadde tenkt på over tid. På slutten av konferansen la han fram ei skisse til korleis eit nettverk burde strukturerast.
– Eg minnest at eg heldt eit føredrag på konferansen, og at eg la fram ideen om dette nettverket. Målet, meinte eg, burde vere å etablere eit forum for drøfting av felles problem knytte til bruk av nynorsk, frå det mest praktiske, som utforming av brev og slikt, til meir generelt, som korleis ein skulle fremje bruk av nynorsk i kommunal administrasjon, seier Gramstad, som i dag er statsarkivar ved Statsarkivet i Stavanger.
– I tillegg meinte eg det var viktig å utarbeide kurs i nynorsk retta mot kommunal verksemd, å fremje saker som er viktige for nynorskkommunane når det gjeld språkbruk, å formidle god praksis når det gjeld bruk av nynorsk til andre kommunar i nettverket, og å spreie kunnskap om god målbruk og om språklege rettar innbyggjarane i kommunane burde vente seg.
– Eg meiner eg la vekt at det ikkje burde byggast opp ein organisasjon. Eit nettverk burde ha minimal administrasjon, og det skulle ikkje koste særleg å bli med. Eit anna viktig poeng frå mi side var at kommunane skulle sjå eigenverdien i å bli med i nettverket, dei skulle få noko igjen for medlemskapen, noko som også kunne heve kvaliteten på dei kommunale tenestene, seier Gramstad.
Han viser til at han etter dette har hatt lite kontakt med arbeidet i oppbygginga av LNK og for liten kunnskap om korleis LNK arbeider i dag, til å ha ei meining om kva utvikling ein bør gå for.
– Men eg vil tru at mange av dei opphavlege tankane ennå utgjer ein stor del av fundamentet for arbeidet i LNK.
KS var ikkje representert på konferansen i Ulvik og fekk kritikk for det. Ein representant frå kurs- og konferanseavdelinga var der, men han hadde ingen enkel jobb. Særleg ikkje då han leverte ut kursevalureringsskjema på bokmål, det var ikkje så populært.
Ordførarar frå dei seks nynorskkommunane som var med på konferansen, Ørsta, Ulvik, Voss, Ullensvang, Vinje og Eidfjord, sende 8. mai ei fråsegn til styret i KS der dei mellom anna oppmoda KS til å setje språkbruk og nynorsk på dagsorden. Andreas Hompland skreiv i Dagbladet etter konferansen:
«Det er med nynorsk som med biletvakre småkommunar, dei overlever betre i poesien enn i næringslivet, media og den kommunale kvardagen.»
I arbeidet vidare var Einar Schibevaag drivkrafta. I tillegg til å vere sentralt plassert som rådmann i Ulvik var han nestleiar i Noregs Mållag frå 1991–1995, der han mellom anna hadde offentleg målbruk som eit av ansvarsområda. Etter kvart kom det behov for ein formell base for arbeidet, og valet fall på Forretningsmållaget. Dette laget hadde litt pengar og var ein god base for arbeidet vidare. På årsmøtet sitt 8. april 1992 vart det valt eit styre i Forretningsmållaget som skulle arbeide for ei nettverkssamanslutning av nynorskkommunar. I styret sat Nils Taklo, ordførar Ørsta kommune, Olav Nystog, ordførar Vinje kommune, Torolv Hesthamar, styreleiar i Sparebanken Hardanger, Asgjerd Taksdal, kulturkonsulent i Time kommune og Maria Høgetveit Berg, kultursjef i Ål kommune.
På det konstituerande styremøtet i Forretningsmållaget 14.–15. mai 1992 vart Nils Taklo vald til leiar, medan Einar Schibevaag vart skrivar og økonomiansvarleg. Dei vedtok å ta sikte på å skipe Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Namnet kom truleg etter mal frå ei anna samanslutning som mange av dei same kommunane er med i, Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar.
Under Nynorsk Festspelveke 2–3 september 1992 i Ørsta vart det skipa ny konferanse. Ørsta kommune skipa til saman med kommunane Ulvik, Hjelmeland, Vinje, Ullensvang og Noregs Mållag. I Ørsta var ordførar Taklo aktiv, og ikkje minst formannskapsmedlem Jan Magne Dahle. Dahle sat i formannskapet i Ørsta då det heile byrja, og var den som skreiv protestbrevet til kommunen retta mot utspelet til Statskonsult.
– Ullensvang herad hadde teke seg av den saklege sida av ein protest, så eg skreiv eit heller ironisk brev, der eg harselerte med haldningane i Statskonsult og konkluderte med at Ørsta kommune ville be departementet om å gje Statskonsult i oppdrag å utarbeide tiltak mot lærevegring i staten og Statskonsult, minnest Dahle.
I 2003 tok Dahle over leiarjobben i LNK etter Nils Taklo, ein jobb han hadde i åtte år.
– I tida mi som styreleiar tok eg også på meg å vere medlem i nokre statlege utval og skrive utkast til fråsegner for styret. Det har eg halde fram med i ei rådgjevarrolle dei siste to åra.
– Korleis har LNK utvikla seg desse 20 åra?
– LNK har gått frå å vere ein relativt rein språkorganisasjon til også å arbeide med samanhengane mellom språk og næringsliv, reiseliv og kultur. God og identitetsskapande språkbruk kan så absolutt vere ein positiv faktor i marknadsføringa av produkt og tenester. Denne utviklinga har vitalisert organisasjonen, og det har vore sterkt medverkande til at LNK i dag har eit sterkt nettverk av støttespelarar som er til stor hjelp for samanslutninga.
Han meiner LNK truleg betyr mest for dei kommunane som kan nytte seg av tenestene LNK tilbyr.
– Det gjeld kurs i kommunal saksutgreiing på nynorsk, der det blir lagt vekt på klårt språk, og det gjeld bruk av Magasinett og Pirion og Startsida med Framtida.no. LNK har arbeidd mykje for å gjere nynorsken synleg på Internett. Eit initiativ frå LNK førte også til at staten tok eit ansvar for å utvikle eller omarbeide læremiddel på nynorsk for flyktningar og asylsøkjarar. Det betyr mykje for kommunar som driv slik opplæring.
– LNK bør halde fram med dei arbeidsområda som organisasjonen har i dag, og i tillegg gjere ein framstøyt for å få til meir språkleg likestilling i dei frivillige organisasjonane og i KS. LNK må heller ikkje gje opp arbeidet for at den norske rikspressa med papir- og nettaviser må tillate begge dei to likestilte målformene/skriftspråka i det redaksjonelle arbeidet, seier Dahle.
I september 1992 går det ut invitasjon frå interimstyret i LNK til kommunar, fylkeskommunar og interkommunale organisasjonar med tilbod om å bli medlem i det som seinare skal bli LNK. I mai 1993 har LNK fått 72 medlemmer, 20 har takka nei. 16.–18. juni 1993 vart LNK skipa på Bryne. Hovudtemaet på skipingsmøtet var språket frå barnehage til høgskule, det kommunale språket og kommunal informasjon og marknadsføring. Lokalisering av kontoret vart drøfta, og inntil vidare vart det vedteke å ha kontorstad i Oslo. I tillegg fekk Ullensvang pris for god offentleg målbruk på dette møtet. Elles la Jan Olav Fretland fram prosjektskisse om utvikling av ei språk- og dokumentlære. Det er Fretland som har laga kurset «På saklista» som LNK også i dag tilbyr medlemskommunane sine. Nils Taklo vart vald til leiar, og dermed var det formelle arbeidet i LNK i gang. I styret var det brei politisk oppslutnad, med representantar frå både Senterpartiet, Høgre, Arbeidarpartiet og KrF. 1. oktober 1993 byrja Kari Bjørke i stillinga som den første daglege leiaren i LNK. Ho kom frå Kommunaldepartementet, der ho hadde vore rådgjevar i arbeidsmiljø- og tryggleiksavdelinga. Kontoret til LNK var samlokalisert med Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Kringkastingsringen og Norsk Barneblad.
Gjennom alle desse åra har LNK vore avhengige av gode støttespelarar og eit breitt nettverk. Ein av støttespelarane er Kommunalbanken.
– Kommunalbanken har vore samarbeidspartnar med LNK sidan 2004. Samarbeidet har gjort det mogleg for oss å møte LNK sine medlemskommunar, som jo ofte er våre kundar, på nye arenaer. Særleg samarbeidet om LNK sine fagkonferansar til Newcastle, mens ferja enno gikk mellom Bergen og Newcastle, var store opplevingar både fagleg og sosialt. Samarbeidet med LNK har også gjort Kommunalbanken meir medviten om bruken av nynorsk. I det heile er LNK dyktige i alt dei gjer, seier kommunikasjonsdirektør i Kommunalbanken, Tor Ole Steinsland, og viser til at LNK har utvikla seg og gjort seg relevant på stadig fleire område, som vegutbygging og nettstadar for unge.
– Me håpar LNK betyr mykje for nynorskkommunane, både som inspirator og fagleg sparringspartnar, men også som ein forkjempar for det nynorske språket, seier han.
LNK engasjerer seg stadig i nye spørsmål, noko dei har gjort i alle desse 20 åra. LNK var engasjert i oppstarten av Ivar Aasen-stiftinga og Ivar Aasen-året i 1996, seinare vart dei mellom anna engasjerte i kulturavisa Pirion, nettstaden Magasinett og Framtida.no. Dei spelte også ei sentral rolle i Diktarveg-prosjektet, der ein ynskte å gjere rv. 13 om til ei litteraturrute.
I februar 2001 skipar LNK saman med Noregs Mållag stiftinga Pirion, ei ideell stifting med hovudføremål å gje ut kulturavisa Pirion, ei avis som stimulerer og inspirerer til kulturarbeid for alle som arbeider med barn. NM hadde gjeve ut to prøvenummer av Pirion i 2000. Det er også utvikla eit Pirion-kurs, som er eit kurs om kulturformidling i barnehagen. Det er retta mot det pedagogiske personalet og har som oppgåve å auke refleksjonen kring barnehagen si rolle som kulturformidlar i det moderne mediesamfunnet. Ingeborg Mjør var den første redaktøren i Pirion.
I dei seinare åra har me også sett LNK engasjert i mellom anna bibliotekprosjektet Nye tider – Nynorsk og i valprosjektet for ungdom; Mot til å meina.
– LNK har utvikla seg til å bli ein viktig organisasjon i målrørsla. Nynorsken kviler i stor grad på nynorskkommunane, og då er det viktig at dei er organiserte slik at ytringane deira får meir tyngde. LNK har vore viktig i avgjerande saker, og særleg viktig var kampen for nynorsk programvare, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).
Ho meiner LNK er ein samlande organisasjon som raskt kan mobilisere for nynorsken når det trengst, og at dei vert lytta til i saker som vedkjem nynorskkommunane.
– LNK er også viktig for å halde nynorsk på dagsorden i Kommune-Noreg, seier ho.
– Kva bør LNK arbeide med framover?
– Presset på nynorsken er stort, og det ytrar seg på ulikt vis: frå påstått vantande nynorskkompetanse hjå dei tilsette til nedlegging av dei små nynorske grendeskulane. God nynorskopplæring i skulen er særs viktig for nynorsken si framtid. Dei val den enkelte kommune gjer i høve målform, er med og påverkar kor sterkt nynorsken vil stå i framtida. LNK kan vere med på å løfte desse sakene på vegner av nynorskkommunane. LNK kan løfte fram trongen for i større grad å slå ring om nynorskkommunane som viktige forvaltarar av den nynorske skriftkulturen.
– Eg vil gratulere 20-års jubilanten LNK og håpar og trur de vil stå på vidare for målsaka. Det er meir enn nokon gong bruk for denne organisasjonen til å fremje språkkultur og som ei viktig røyst i språkdebatten, slår ministeren fast.
Dagens leiar, Astrid Myran Aarvik, meiner organisasjonen framleis må vere så sterk at han klarer å fange og følgje opp ønska frå kommunane.
– LNK skal framleis vere ein profesjonell organisasjon som leverer kvalitetstenester til medlemene sine. Ikkje minst er det viktig at me er opptekne av prosessane kring eventuelle kommunesamanslåingar – og kva språklege konsekvensar desse kan få.
Ho meiner LNK bør vere til stades på samfunnsområde der det skjer endringar, og der folk møtest.
– I våre dagar skjer dette først og fremst på Internett, og eg reknar med at organisasjonen kjem til å satsa endå meir på dette området i tida som kjem. Ein stor del av utviklinga i samfunnet skjer av di ny teknologi gjev oss fleire moglegheiter. Det er viktig at me er raskt til stades på slike nye arenaer, og at me er flinke til å ta i bruk ny teknologi.
– Barn og unge vil framleis vere viktige målgrupper for LNK. Om nokre år er desse gruppene ordførarar og rådmenn, og det er viktig at dei kjenner til og forstår den norske språksituasjonen.
Aarvik meiner dessutan at kurset «På saklista», som LNK leverer saman med Fagforbundet og Høgskulen i Sogn og Fjordane, må haldast oppe, og at ein bør arbeide for at LNK har økonomi til å tilby desse kursa gratis til kommuneadministrasjonane, slik som i dag.
Tor Øyvind Skeiseid er tidlegare NRK-journalist og driv no firmaet Ryfylke Livsgnist på Finnøy. Han er ein av LNK-avisa sine lesarar og har eit klart tips til det vidare arbeidet i organisasjonen.
– Få fram bedrifter og kulturberarar i kommunane som er medvitne om språk og kultur, og som dermed løftar fram både kommune, region og nynorsk, slår han fast.
Tidlegare kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa er også klar i si oppfordring til organisasjonen.
– Det beste LNK kan gjera, er å forsterke arbeidet med å gjere kommunane medvitne om kor viktig målet er for sjølvkjensle, tilhøyre og identitet. Barn og ungdom er framtida, også i nynorskkommunane. Lærebøker, boktilfanget i skule og barnehage, nettsider og kommunal saksutgreiing, ungdomsråd og debattar – her er mykje godt arbeid som kan forsterkast.
Om få år har unge frå LNK-kommunane viktige samfunnsoppgåver der dei sjølv treng eit godt mål. Nokre av dei vert lokale folkevalde, og grunnlaget må leggjast no.
Ho legg vekt på at ho har hatt stor glede og nytt av samarbeidet med LNK gjennom åra.
– Som kommunal- og regionalminister kunne eg drøfte med LNK om å utforme ein eigen årleg pris til beste nynorskkommune. Eg kunne òg spørje LNK om verdien av å nytte kommuneproposisjonen til å omtale status for nynorsken i kommunane. Elles er Løvebakken Mållag, prosjekta Diktarvegen og Mot til å meina nokre av fleire døme på stader der eg har lært å setje pris på LNK, fortel Meltveit Kleppa.
– Eg har inntrykk av at LNK ikkje lenger berre bryr seg direkte om målet, men tek på alvor at det er mange andre tilhøve i medlemskommunane som det er klokt å engasjera seg i. LNK kan gje råd og rettleiing når det skal utarbeidast målbruksplan i kommunen. Dei held utmerka kurs for ustøe nynorskbrukarar og er i det heile ein svært viktig støttespelar for medlemmene sine.
I dag har LNK 123 medlemmer blant kommunar, fylkeskommunar og interkommunale organ. Organisasjonen tek mål av seg til å arbeide for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom planverka sine. LNK tek også på seg å vere talerøyr for medlemene og spreie informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for. 1. januar 1998 byrja Vidar Høviskeland som ny dagleg leiar i LNK. Vidar er frå Tysnes, bur der også, og har delvis heimekontor. Han er aktiv i lokalpolitikken i Tysnes, og har vore LNK-medlemskontakt for Tysnes. Høviskeland har også arbeidd i Noregs Mållag, har vore frilansjournalist og har erfaring frå det offentlege. 23 -25 april arrangerer LNK landsting på Voss.