Heim Nyhende Må forstå rammene

Må forstå rammene

Innvandrarar som skal lære seg norsk, skal ikkje berre lære språket. Det handlar om å kjenne norsk kultur på mange nivå, seier språkpedagog og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Jon Erik Hagen.

Lingvisten Hagen jobbar med norsk som 2. språk ved Universitetet i Bergen. Her jobbar han mellom anna med eit  studietilbod til pedagogar som skal lære innvandrarar norsk.

Fleire lag

Å lære bort norsk som andrespråk er ikkje som å undervise i norsk til norskfødde, skal ein tru Hagen. Språket har fleire lag, og det kan handle om filosofi og psykologi så vel som lingvistikk og pedagogikk. På kvar sine vis skal desse laga forståast av innvandrarelevane, men med deira erfaringar og kulturelle rammer som bakgrunn.

– Det er viktig at dei som skal lære norsk, kjenner norsk kultur, slik at dei forstår den verdsramma som norsk språk gir meining innafor, seier Hagen.

Derfor er han også skeptisk til at så få av dei som underviser innvandrarar, har kompetansen innan andrespråkspedagogikk.

Utfordrande

– Det å undervise i norsk som andrespråk er vanskeleg. Eg trur det er ei føremon å vite om norsk språk sett utanfrå, å få sett språket i eit anna perspektiv. Det vil ein få viss ein høyrer på dei som har ein annan ståstad: Kva er enkelt, og kva er vanskeleg å lære i det norske språket?

I skuleåret som gjekk, hadde dei stor søking til andrespråkskurset, og no håper han på like stor søknad til hausten, trass i at kurset går frå å vere eit gratiskurs til å bli eit betalt studium.

Viktig faktor

Språk er ein viktig identitetsfaktor for ein som vel å slå seg permanent til i eit anna land enn fødelandet, og er derfor ikkje ei oppgåve som kan takast lett på, seier Hagen.

Innvandrarar bør få lære det offentlege språket der dei bur, og sjølv om ein ikkje har all verda med opplæringsmateriell tilgjengeleg, så finst det noko, slår han fast. Manglande materiell er ikkje i seg sjølv eit argument for at innvandrarar ikkje skal få lære nynorsk.

– Det finst litt materiell tilgjengeleg på bokmål, men dessverre ein del mindre på nynorsk. Men Nynorsksenteret har gjort ein god jobb med å samle det som finst, i ein eigen ressursbank, minner han om.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...