Tysdag i neste veke skal lokale og sentrale politikarar, ein språkforskar og ein mediemann diskutere om det er plass til to morsmål i Noreg på Nord-Aurdal folkebibliotek i Valdres.
«Nynorsk og bokmål har vore likestilte målformer sidan stortingsvedtaket i 1885. På desse 126 åra har likevel ikkje målstriden stilna.To viktige frontar i denne striden er slaget om sidemålsstilen og lokale skulemålsrøystingar. Nynorsken har dessutan ei tredje utfordring: det individuelle språkskiftet», skriv Valdres.no.
Ei undersøking (2009) gjort av prosjektet Målstreken viser at så mange som 75 % av nynorskelevane i Valdres skiftar hovudmål i løpet av dei 13 åra dei går på skulen. Manglande meistring og negative haldningar er årsakene som ungdommane sjølve peikar på, opplyser nettstaden vidare. Ei tilsvarande undersøking blei gjort våren 2010 i Sogn og Fjordane, og ho viser at bare 5 % av elevane skiftar språk der.
Kvifor opplever elevane i Valdres mindre meistring, og kvifor er dei meir negative til nynorsk enn elevane i Sogn og Fjordane, er eitt av spørsmåla stortingsrepresentant Elisabeth Aspaker (H), språkforskar Arne Torp, fylkespolitikar Hanne Blåfjelldal (Frp), ordførar i Vang, Vidar Eltun, og kommentator og NRK-mann Erling Lægreid skal prøve å svare på.
Debatten i Nord-Aurdal er eit samarbeid mellom prosjektet Målstreken og Valdresdebattane. Målstreken arbeider med å stimulere fleire unge til å halde på nynorsken som hovudmål gjennom det 13-årige skuleløpet. Valdres-debattane er eit nytt tiltak, etablert i 2010, som skal styrke den offentlege debatten i Valdres. Valdres-debattane er støtta av Fritt Ord og Oppland fylkesbibliotek.