Heim Nyhende Mållagsleiaren: – Nyheitssendingane er siste skanse der folk kan høyre korrekt nynorsk

Mållagsleiaren: – Nyheitssendingane er siste skanse der folk kan høyre korrekt nynorsk

Leiaren i Noregs Mållag meiner NRK må passe på så dei ikkje hòlar ut praksisen med normert språk i for stor grad ved å tillate meir dialektbruk i nyheitssendingane.

– For Mållaget er det viktig at innbyggarane får høyre korrekt nynorsk, og det gjer ein altfor sjeldan. NRK har ansvar for å løfte fram normert tale, og det er viktig at dei tar med det vidare inn i framtida, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge til Nynorsk pressekontor.

I Aftenposten onsdag hevda preses i Det Norske Akademi for språk og litteratur Nils Heyerdah at programleiarane på Dagsrevyen ikkje bør snakke dialekt. Han meiner det normerte bokmålet og den normerte nynorsken blir vatna ut, og samanliknar med andre land som Frankrike og Tyskland, der dei snakkar normert. I saka får han langt på veg støtte frå leiaren i Noregs Mållag, som òg meiner normert språk bør vere hovudregelen på Dagsrevyen. Hauge er mest uroa for at nynorsk ikkje blir nok representert.

Unntak

Hovudregelen i NRK er at programleiarane på Dagsrevyen skal snakke anten normert bokmål eller nynorsk, men redaktørane kan gjere unntak dersom ein programleiar søker om det. I oktober i fjor fekk journalist Eline Buvarp Aardal, som skriv nynorsk, lov å snakke trøndersk i nyheitssendingane på permanent basis etter å ha gjort det i ein prøveperiode. Ingerid Stenvold som er fast nyheits-anker var den første som fekk lov å bruke dialekta si på Dagsrevyen, i 2009. Stenvold har bokmål som skriftspråk.

– Dette er vurderingar NRK må gjere. Dersom ein får eit unntak, så gir jo det eit enormt språkpolitisk ansvar til dei som får snakke dialekt i riksdekkande program. Men det er bekymringsverdig dersom det set oss i ein situasjon der nynorsk normert daglegtale i Dagsrevyen kviler fullt og heilt på Ingvild Bryn. Det er så viktig at innbyggarane får høyre korrekt nynorsk, og det bør NRK definitivt sørge for i tida som kjem, seier Hauge.

Han meiner det er kjempebra at dialekt har fått større plass i pressa og media og offentleg, men at det er ein siger for dialektmangfaldet heller enn for nynorsken.

– Riksdekkande nyheitssendingar bør bruke normert språk som ein siste skanse der innbyggarane kan høyre korrekt nynorsk, seier Hauge.

Særstilling

Kvifor er det viktigare i Dagsrevyen og nyheiter enn på andre flater?

– Dagsrevyen er ein av dei absolutt viktigaste nyheitsprogramma i Noreg, med riksdekkande nynorsk på statskanalen. Så NRK står jo i ei særstilling. Når det gjer dispensasjon, må dei passe seg for at dei ikkje hòlar ut praksisen i for stor grad, sånn at ein ikkje får høyre nynorsk, meiner Hauge.

– Det er ikkje slik at dialekt skal ta over for normert nynorsk i NRK. Det skal vi jobbe vidare med òg. Og vi skal sjølvsagt ha både normert nynorsk og bokmål i Dagsrevyen, seier språksjef i NRK Karoline Riise Kristiansen. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Språksjef i NRK Karoline Riise Kristiansen skulle gjerne sett at det var ei jamn fordeling mellom nynorsk og bokmål i Dagsrevyen.

– Eg synest absolutt Hauge har eit poeng. Men det er ikkje slik at dialekt skal ta over normert nynorsk i NRK. Det skal vi jobbe vidare med òg. Og vi skal sjølvsagt ha både normert nynorsk og bokmål i Dagsrevyen, også i framtida, seier Kristiansen til NPK.

Ho peikar på at NRK har både overordna språkreglar og retningslinjer for bruk av dialekt.

– Vi er «frå heile landet, til heile landet», og det å spegle dialektmangfaldet er ein like naturleg del av språkoppdraget som det at vi skal bruke offisielt nynorsk og bokmål.

Ho meier at om du er dialektbrukar eller snakkar normert, er det aller viktigaste at folk forstår deg.

– Alle tilsette jobbar med språket sitt. Men om du skal vere dialektbrukar, krev det enno meir av deg enn om du snakkar normert. Det skal ikkje vere for lokale dialektord, og det skal vere forståeleg for alle. Det aller viktigaste er å formidle bodskapet på ein korrekt og god måte, seier Kristiansen.

Fakta om språkreglane til NRK og om bruk av dialekt:

I språkreglane til NRK heiter det at i nyheitssendingar og programinformasjon skal programleiarar og annonsørar bruke offisielt bokmål eller nynorsk. Redaktørane kan gjere unntak dersom det ikkje er i strid med andre reglar og retningslinjer. Dei skal mellom anna vurdere om medarbeidaren har ein gjennomført og konsekvent dialektbruk, og om språket er tydeleg og lett å forstå.

I retningslinjene for dialektrøkt viser NRK til språkreglane deira frå 2007, der det heiter at NRK skal spegle mangfaldet i det norske språket, også når det gjeld dialektbruk og uttale som er farga av andre språk. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...