Heim Nyhende Nynorske barnehagar les og syng framleis mest på bokmål

Nynorske barnehagar les og syng framleis mest på bokmål

70 prosent av barnehagane i nynorskområde syng minst éin song om dagen på bokmål, kjem det fram i Barnehageundersøkinga 2021.

Det er andre gongen Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjennomfører Barnehageundersøkinga. Sist gong var for vel fire år sidan.

Det er 7 prosent færre enn sist som syng på nynorsk kvar dag. For bokmål er talet 4 prosent færre, og på på dialekt har det blitt fem prosent færre.

Når det gjeld lesing, så er det 3 prosent færre som les på nynorsk og dialekt kvar dag, medan det er ein liten auke i lesing på bokmål på ein knapp prosent.

Undersøkinga blei sendt ut til styrarane i 712 barnehagar i nynorske område før påske. 234 styrarar svara.

Tal i prosent

– Potensiale for meir

– Granskinga frå i år stadfestar inntrykket frå granskinga for fire år sidan, og fleire forskingsarbeid frå dei siste åra. Det er potensiale for barnehagane til å lese og skrive meir på nynorsk, seier professor Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet på telefon til Pirion.

Professor Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Noregs Mållag

Ho viser til masteroppgåva til Anne Marta Vinsrygg Vadstein, som viser at det er vilje til nynorsk i barnehagane, men at det er andre omsyn som gjer at det kan bli prioritert vekk.

I Barnehageundersøkinga i år og for fire år sidan er det mange styrarar som meiner at auka medvit og meir materiell er det viktigaste som skal til for å få meir nynorsk i barnehagane.

LES OGSÅ: Barnehagane blir meir digitale: – Kan styrka språket til særleg gutar

Dette har hjelpt barnehagane

Anne Marta Vadstein jobbar som høgskulelektor på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

– Forskinga viser at mange ønskjer å syngje nynorske songar, men at det er enklare å velje songar dei kan frå før. Dei fortel også at dei ikkje har tid i arbeidsdagen til å leita opp nynorske songar, dei veit ikkje kvar dei finst, eller dei er meir opptekne av tema og årstid enn om songane er på bokmål eller nynorsk, skriv ho til Pirion på epost.

Samstundes kjenner ho til fleire døme på barnehagar som har auka talet på nynorske songar med enkle grep. Dei har gjeve ein tilsett særleg ansvar for å leite opp nynorske songar, rim og regler, dei har laga sine eigne songsamlingar, eigne nynorske songkort, månadens song, og har eigne songstunder der dei har bestemt seg for at minst så og så mange songar skal vere på nynorsk.

– Når barnehagane først har gjort dette, ser dei at det vert enklare og enklare å velje nynorske songar, påpeikar Vadstein.

Tal i prosent

– Heilt avgjerande

Anne Marta Vadstein understrekar at det er viktig å lese og syngje på nynorsk, og viser til at born lærer skriftspråk blant anna gjennom øyra. Mange ser òg på teksten medan den vaksne les.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Foto: Nynorsksenteret

– For born som seinare skal lære å lese og skrive nynorsk, er det heilt svært viktig at dei har kjennskap til skriftspråket frå dei er heilt små. Det får dei gjennom å bli lesne høgt for, gjennom songar, rim, regler og utforskande skriving.

– Den vaksne er ein modell for borna i det han eller ho gjer, og viser indirekte at det vi brukar tid på, det er viktig. Slik er høgtlesing på nynorsk med på å byggje språkleg sjølvtillit og tryggleik, for born som elles er bada i bokmål gjennom TV og i populærkulturen elles.

– Kva tenkjer du om å lese på dialekt?

– Nokre har ei oppfatning av at dialekten skaper meir nærleik enn det skrivne ordet. Samstundes gjev høgtlesing av skriftspråket noko anna, som også er viktig. Skriftspråket inneheld eit rikare språk enn daglegtalen, og har ikkje dei mange små fyllorda som vi brukar elles, seier Vadstein.

– Born som tidleg får eit rikt ordforråd, tener på det langt opp i skulealder, og det er heller ikkje noko som tyder på at born ikkje forstår skriftspråket når det blir lese som det står. Vi kan dessutan snakke om ord som er nye, og på den måten byggje ut språket til borna.

I tillegg meiner ho det er viktig å møte ord som er typiske for skriftspråket, fordi vi har mange dialektar, men berre to skriftspråk.

– Eg tenkjer at me av og til kan gjenfortelje bøkene på dialekt, men at det er ein grei hovudregel å lese bøkene som dei står skrivne.

LES OGSÅ: Dagen startar best med song

Varsellampe

Sjølv om endringane er små, så kan det sjå ut til at det er litt mindre synging i barnehagane.

– Eg synest det er ei varsellampe. Vi veit at å syngje saman gjev gode fellesskapsopplevingar, og at det er ein særleg språkstimulerande aktivitet. Rim, rytme og melodi er med på å gje rammer for språket, og forskinga viser at song er særleg nyttig for fleirspråklege barn som skal lære norsk. Vi har ein rik nynorsk songkultur, og det finst også mange gode nye nynorske barnesongar, så eg vil oppmoda barnehagane om å ta dei i bruk.

– Kva råd vil du gi til barnehagane for at det skal bli meir lesing og song på nynorsk?

– Å setje språk på dagsorden, ikkje berre munnleg språk, men også skriftspråk, vil gjere personalet meir bevisste. Å ha ein plan for kva bøker og songar vi vil ha med det næraste halvåret, kan vere ein måte å få systematikk i språkarbeidet. Samarbeid med bibliotek om å få låne nynorske bøker er inspirerande.

– Oppmuntra kvarandre til å velje nynorske songar og bøker til samlingsstunda.

– Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å auke bruken av nynorske bøker og songar i barnehagen, avsluttar Vadstein.

LES OGSÅ: Her er nokre tips til korleis barnehagen kan leggje til rette for eit variert songrepertoar og gode songvanar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...