Heim Nyhende Mange små kommunar seier nei

Mange små kommunar seier nei

Frida Solhaug (18) frå Stord stemte for samanslåing med nabokommunen Fitjar. Der blei det klart nei.

 

I Fitjar kommune i Hordaland sa heile 80 prosent av innbyggjarane nei til samanslåing med Stord, mens resultatet i nabokommunen var resultatet motsett – der sa nær 85 prosent ja til samanslåing. Knappe 19 prosent valde å bruke stemmeretten sin på Stord.

I Møre og Romsdal ønsker både Molde og Kristiansund å bli storkommunar, men det ønsket ser det ut til at dei er aleine om sidan fleirtalet i fleire kommunar i fylket føretrekkjer å stå aleine. I Tingvoll stemte for eksempel over 70 prosent for å fortsette som eigen kommune, mens noko over 24 prosent stemte for ein storkommune med Kristiansund, skriv Aura Avis.

I Vestnes stemte nær 60 prosent for at kommunen fortset på egne bein. Berre rundt 12 prosent ønsket samanslåing med Rauma, skriv Sunnmørsposten.

Heile 71 prosent av innbyggjarane i Molde sa ja til at kommunen blir slått saman med dei sju nabokommunane med byen deira som kommunesenter, melder NRK.

Men naboane vil stå aleine og fleirtalet av veljarane i for eksempel nabokommunen Fræna vil heller slå seg saman med Eide i aust.

– Dette er eit tydeleg signal frå innbyggjarane at dei ikkje ønsker å vere ein del av ein storkommune i Romsdal, seier ordførar Tove Henøen (Sp).

LES OGSÅ:– Har hatt veldig lite om valet på skulen

Som å fri
– Dette er litt som å fri, og få nei, seier ordførar i Midsund Odd Helge Gangstad (Sp) til NRK. Innbyggjarane i kommunen ville slå seg saman med Aukra. Men der sa fleirtalet nei.

På naboøya Aukra var det berre 24 prosent som ønskte ei samanslåing, mens 60 prosent stemte for at kommunen skulle stå aleine.

– Folk slår ikkje stiften for storkommunen Romsdal. Eg ser det som vanskeleg å gå vidare med det alternativet når innbyggjarane gir så klare råd, seier ordførar Bernard Riksfjord (Ap) i Aukra.

Mens innbyggjarane i Hemne i Sør-Trøndelag gjerne vil slå seg saman med nabokommunen Aure over fylkesgrensa i Møre og Romsdal, er svaret tvert nei frå den andre kanten.

På motsette fylkesgrense var situasjonen den same i Selje kommune der innbyggjarane også fekk spørsmål om kva for eit fylke kommunen bør liggje i. Svaret var soleklare 71 prosent for Sogn og Fjordane, mens 24,4 prosent ønskte å flytte inn i Møre og Romsdal.

LES OGSÅ: Fleirtal for fleire gulrøter til samanslåing

Låg valdeltaking
Ifølgje kommunalminister Jan Tore Sanner (H) var resultata frå folkeavstemmingane som venta. Han seier til NTB at han set sin lit til at lokalpolitikarane vil arbeide vidare mot samanslåing. Han trekkjer fram at både Molde og Kristiansund vil ha storkommunar.

Seint måndag kveld viste dei siste tala frå den rådgivande folkeavstemminga i Rælingen om samanslåing at 85 prosent av dei som hadde gitt frå seg si stemme, hadde svart nei.

Innbyggjarane hadde valet mellom ei samanslåing med Skedsmo kommune, eventuelt med tillegg av nabokommunane Fet og Sørum, eller at kommunen fortset som eigen kommune. Det var altså det siste alternativet dei fleste føretrekte. Valdeltakinga låg på 27 prosent.

Nei takk var også svaret frå innbyggjarane i både Hå og Klepp kommunar til ein ny Jæren kommune. I Time var dei meir positive der over 56 prosent svarte ja og nær 41 prosent nei. (©NPK)

QUIZ: Kan du dine kommune-slagord?

Her er oversikt over kommunane med folkerøysting måndag 25. april:

Rogaland:

•Hå – 74,4 % nei
•Time – 56,4 ja
•Klepp – 73,4 % nei

Hordaland:

•Stord – 84,8 % ja
•Fitjar – 80 % nei

Sogn og Fjordane:

•Selje – 57 % nei
•Vågsøy – 56 % ja

Møre og Romsdal:

•Nesset: 49 % ja til å slå seg saman med Sunndal. 41 % sa ja til å slå seg saman med flest muleg kommunar i Romsdal. 9 % stemte for å halda kommunen som i dag.

•Surnadal: 61 % sa ja til samanslåing med Halsa og Rindal.

•Sunndal: 77 % sa nei til samanslåing med Nesset. 23 % sa ja.

•Aure:76 % nei til samanslåing.

•Halsa: 45 % sa ja til samanslåing med Aure, Snillfjord og Hemne. 27 % stemte for å halda Halsa som eigen kommune. 18 % vil slå saman Halsa med Surnadal og Rindal. 9 % sa ja til samanslåing med Kristiansund og kommunane rundt.

•Tingvoll: 71 % nei til samanslåing.

•Averøy: 61,5 % nei til samanslåing. 28 % stemte ja til samanslåing med Kristiansund, Tingvoll, Gjemnes, Halsa og Aure. 10,5 % sa ja til samanslåing med Eide og Fræna.

•Eide: 35 % ja til samanslåing med Fræna og Averøy. 32 % for å forbli eigen kommune. 23 % for samanslåing berre med Fræna. 10 % for «Romsdalsalternativet».

•Fræna: 44 % sa ja til å slå kommunen saman med Eide. 24 % vil òg inkludera Averøy. 19 % vil slå kommunen saman med andre i Romsdal, mens berre 12 % vil halda kommunen som han er i dag.

•Vestnes: 59,2 mot samanslåing

•Rauma: 84 % mot samanslåing

•Aukra: 73 % nei til samanslåing med Midsund, 7 % for storkommune i Romsdal.

•Midsund: 75 % ja til samanslåing med Aukra. 23 % for storkommune i Romsdal.

•Vanylven: 72,5 % vil slå seg saman med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid til Runde kommune. 13 % ønsker samanslåing med Selje og Vågsøy.

•Molde: Innbyggarundersøking: 71 % ja til storkommune med Molde og ein eller fleire av sju nabokommunar.

Sør-Trøndelag:

•Hemne: 84,9 % for samanslåing med Aure, Halsa og Snillfjord.

Akershus:

•Rælingen: 83 % mot

Kjelde: kommunane og Kommunal Rapport

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...