Heim Nyhende Nytt inntektssystem gir mest til storkommunane

Nytt inntektssystem gir mest til storkommunane

Dei største kommunane får meir, medan dei minste får mindre. Regjeringa sitt nye inntektssystem gjev Oslo 160 millionar kroner meir.

 

– Kommunar som sjølve vel å vera små skal ikkje verta løna for det. Me gjev mindre pengar per rådhus, og meir pengar per kommune, seier Helge Andre Njåstad (Frp), leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, til Dagbladet.

Éi av endringane er eit såkalla gradert basistilskot, som vil seia at den faste summen alle kommunar får vert redusert for små kommunar som ikkje vil slå seg saman med større kommunar i nærleiken.

Blant dei 15 største taparane på systemet, i eit oversyn Dagbladet har laga, finn me mellom anna vestlandskommunane Naustdal, Leikanger, Samnanger og Fitjar. Dei mister mellom 4,2 og 5,3 millionar kroner kvar. Oslo er den største vinnaren, og får 160 millionar kroner meir. Bergen får nest mest, 65 millionar kroner meir.

Heile oversynet ligg på nettstaden til Kommunaldepartementet.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...